Opna hovudmenyen

You Win Again av Hank Williams

song av Hank Williams
You Win Again
Singel av Hank Williams
A-side «Settin' the Woods on Fire»
Utgjeve September 1952
Innspelt 11. juli 1952, Castle Studio, Tulane Hotel, Nashville i Tennessee
Sjanger Country
Lengd 2:36
Selskap MGM
Låtskrivar(ar) Hank Williams
Produsent Fred Rose
Hank Williams-kronologi
«Jambalaya (On the Bayou)»
(1952)
You Win Again «I'll Never Get Out of This World Alive»
(1952)


«You Win Again» er ein song frå 1952 av Hank Williams. Songstilen er ein bluesballade og omhandlar songaren som er fortvila over kjærasten sin. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, med versjonar av Jerry Lee Lewis, Roy Orbison, Grateful Dead, Bob Dylan og Rolling Stones.

BakgrunnEndra

Hank Williams spelte inn «You Win Again» den 11. juli 1952, dagen etter at skilsmissa frå Audrey Williams var endeleg. Som «Cold, Cold Heart» var songen truleg inspirert av det stormande forholdet med eks-kona, som biografiforfattaren Colin Escott skriv:

«Det kan ha vore tilfeldig, men utan bevis på det motsette, då songen er skriven dagen etter skilsmissen til Hank var endeleg, så verkar songen som ei side riven ut av dagboka hans. Svik-temaet var mykje brukt før Hank takla det, men trekt ut frå den botnlause brunnen av krenking han kjende, så gav han temaet ein ny giv på grensa til aktualitet.» [1]

I den originale teksten Williams skreiv, så heitte songen «I Lose Again», men dette vart snudd om av produsenten Fred Rose.[1] Opningslinja «The news is out all over town», byrjar soga om ein fullstendig slått forteljar som ikkje klarar å forlate kjærasten, trass i hennar utruskap. Songen vart spelt inn i Castle Studio i Nashville med Jerry Rivers (fele), Don Helms (steelgitar) og Harold Bradley (rytmegitar), medan ein har spekulert i om Chet Atkins spelte sologitar og om Ernie Newton spelte bass.[2]

«You Win Again» vart utgjeven som B-side til «Settin' the Woods on Fire», hovudsakleg fordi livlege, dansbare songar vart føretrekte som A-sider, radiospeling og jukeboks-handel. Likevel nådde «You Win Again» tiandeplassen på Most Played in C&W Juke Boxes-lista, der han berre låg ei veke.[3]

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Escott, Colin & 2004 219.
  2. Escott, Colin & 2004 347.
  3. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 387. 
  4. «Jeanne Black, A Little But Lonely». Henta 30. juli 2017. 
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 277. 

BakgrunnsstoffEndra