Opna hovudmenyen
Your Cheatin' Heart
av Hank Williams
A-side «Kaw-Liga»
Utgjeve Januar 1953
Innspelt 23. september 1952
Sjanger Country
Lengd 2:38
Selskap MGM Records
Låtskrivar(ar) Hank Williams
Produsent Fred Rose
Hank Williams-kronologi
«You Win Again» (1952) Your Cheatin' Heart «Kaw-Liga» (1953)


«Your Cheatin' Heart» er ein songs kriven og spelt inn av countryartisten Hank Williams i 1952, og rekna som ein av dei viktigaste countrystandardane. Han vart inspirert til å skrive songen då han køyrde med forloveden sin frå Nashville til Shreveport i Louisiana. Etter å ha skildra den første kona si, Audrey Sheppard, som «Cheatin' Heart», dikterte han teksten til Billie Jean Jones i løpet av nokre minuttar. Innspelinga vart produsert av Fred Rose, og Williams spelte inn songen på den siste innspelinga si ved Castle Records i Nashville, den 23. september.

«Your Cheatin' Heart» vart gjeve ut i januar 1953. Etter Williams døydde under ein køyretur til ein nyårskonsert i Canton i Ohio, vart songen raskt ein stor suksess. Han toppa Billboard's Country & Western-lista i seks veker og selde over ein million eksemplar. Suksessen til songen heldt fram med andre versjonar. Joni James sin versjon nådde andreplassen på Billboard's Most Played in Jukeboxes same året, medan Ray Charles sin versjon frå 1962 nådde 29. plassen på Billboard Hot 100 og 13. plass på UK Singles Chart. Songen er rangert på 217. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene, og vart rangert på femteplassen på Country Music Television si liste over dei 100 beste countrysongane gjennom tidene.

BakgrunnEndra

I 1952 hadde Williams hadd ei lang rekkje suksessrike singlar, «Honky Tonk Blues», «Half as Much», «Setting the Woods on Fire», «Jambalaya (On the Bayou)» og «You Win Again».[1] Samstundes som karrieren nådde nye høgder, var ekteskapet hans med Audrey Sheppard turbulent. Han utvikla fleire alvorlege problem med alkohol, morfin og smertestillande piller, som han fekk på grunn av store ryggsmerter skapt av spina bifida.[2] Paret skilde seg 29. mai[3] og Williams flytta til mor si.[4]

Kort tid etter møtte Williams Billie Jean Jones bak scenen i Ryman Auditorium, ei jente frå Shreveport i Louisiana, «som på den tida var kjæraste med Faron Young. Williams vart saman med Jones då forholdet hennar med Young slutta, og dei to byrja etter kort tid å planlegge eit bryllaup.[5] Medan han kjørte frå Nashville til Shrevenport for å fortelje foreldra hennar om bryllaupet,[6] snakka Williams om det førre ekteskapet sitt med ho. Han skildra Audrey Sheppard som «cheatin' heart», [7] og sa at ho kom til «å få svi» til slutt.[6] Inspirert av det han hadde sagt, fekk han Jones til å skrive ned teksten til songen, som han raskt dikterte til ho.[7] Den endelege komposisjonen hadde med linja «You'll walk the floor, the way I do», som minna om Ernest Tubb-hitten «Walking the Floor Over You».[8][9]

InnspelingEndra

Your cheatin' heart
Will make you weep
You'll cry and cry
And try to sleep

Hank Williams (1952)

Williams spelte inn songen den 23. september i Castle Studios i Nashville. Med på innspelinga var ein steelgitar, spelt av Don Helms,[10] i lag med feler.[11] Innspelinga, som vart Williams si siste, resulterte òg i A-sida «Kaw-Liga», i tillegg til songane «I Could Never Be Ashamed of You» og «Take These Chains from My Heart».[12] Innspelinga vart produsert av forleggjaren til Williams Fred Rose,[13] som gjorde små endringar i teksten til «Your Cheatin' Heart".[14][15] Williams skildra songen til venen Braxton Schuffert, før han spelte songen som «den beste hjartesongen han nokon gong skreiv».[16]

UtgjevingEndra

Medan han reiste til ein konsert nyårsaftan i Canton i Ohio, fann sjåføren Williams død i baksetet på bilen under ein stopp i Oak Hill i West Virginia.[17] «Your Cheatin' Heart» vart gjeven ut i slutten av januar 1953.[18] Driven fram av dødsfallet til Williams, vart songen og A-sida «Kaw-Liga» ein hit,[19] og selde over ein million eksemplar.[20]

Billboard skildra songen som «ypparleg melodi og framføring», og la vekt på salspotensialet.[21] I løpet av kort tid nådde songen toppen av Billboard's Top C&W Records, der han vart liggande i seks veker.[22]

EttermæleEndra

Ein versjon av songen, sungen av Joni James i 1953, nådde andreplassen på lista over mest spelte songar på jukeboksar i USA det året.[23] James hevda seinare at ho ikkje hadde høyrt originalversjonen til Williams, men valte å spele han inn etter å ha lese teksten.[24] Ein annan versjon av Frankie Laine, gjeve ut på same tid, nådde 18. plass på lista over mest spelte jukeboks-songar.[23] I 1962 nådde ein versjon av Ray Charles 29. plassen på Billboard Hot 100 og 23. plassen på R&B-lista,[25] medan han nådde 13. plassen på den britiske singellista, UK Singles Chart.[26] Songen er òg spelt av ei rekkje andre artistar som James Brown,[27] Nat King Cole, Van Morrison, Patsy Cline, Del Shannon, Elvis Presley, Gene Vincent, Jon Foreman, Louis Armstrong, Fats Domino, Glen Campbell, Jerry Lee Lewis, LeAnn Rimes og The The.[1][28]

Namnet på songen vart nytta som tittel på filmen om Hank Williams frå 1964. «Your Cheatin' Heart», i tillegg til andre songar av Williams, vart framført i filmen der George Hamilton mima til songane, som vart spelte inn av sonen til Williams, Hank Williams jr.[29]

AllMusic skildra songen som signaturlåten til Hank Williams, og ein uoffisiell hymne for countrymusikken.[30] Rolling Stone kalla songen ein av dei beste countrysongane gjennom tidene,[31] og rangerte han på 217. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen vart kåra til den femte beste countrysongen gjennom tidene av Country Music Television i 2003.[32]

To Pepsi Super Bowl-reklamar nytta songen.

Norsk versjonEndra

Jacob Hjelte har skrive ein norsk tekst med tittelen «Ditt hjertes svik».

InnspelingEndra

  • Thor Raymond, song med Odeonkvintetten. Innspelt kring juni 1953.

ListerEndra

Hank WilliamsEndra

Liste (1953) Plassering
Top C&W Records 1[22]

Andre versjjonarEndra

År Artist Liste Plassering
1953 Joni James Billboard Most Played in Jukeboxes 2[23]
Frankie Laine Billboard Most Played in Jukeboxes 18[23]
1962 Ray Charles Billboard Billboard Hot 100 29[25]
Billboard To R&B Singles 23[25]
UK Singles Chart 13[33]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra