Kenai Fjords nasjonalpark
Kenai Fjords nasjonalpark er ein nasjonalpark i den amerikanske delstaten Alaska. Parken blei skipa 2. desember 1980, og dekkjer 4 600 km². Dei viktigaste naturattraksjonane i nasjonalparken er i alt 38 isbrear; ein av dei er Harding Icefield, som eit av dei største områda med is i USA. Eit anna karakteristisk naturfenomen er dei mange fjordane som er danna av brearmane, og som har gjeve parken namn.
Kenai Fjords nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Kenai Fjords nasjonalpark 59°55′04″N 149°59′15″W / 59.917777777778°N 149.9875°W | |||
Wikimedia Commons: Kenai Fjords National Park |
Nasjonalparken blei danna i 1980 som eit av i alt femten verneområde som blei oppretta samtidig gjennom Alaska National Interest Lands Conservation Act.
Dyrelivet i parken omfattar mellom anna knølkval, spekkhoggar, stillehavsnise (Phocoenoides dalli), stellersjøløve (Eumetopias jubatus), lundefugl, amerikansk svartbjørn og snøgeit.
Parken ligg på Kenaihalvøya i det sørlege sentrale Alaska. Ein kan nå han frå byen Seward ca. 200 km sør for Anchorage. Han er ein av tre nasjonalparkar i Alaska ein kan nå frå bilveg; inngangen til parken er ved breen Exit Glacier.