Kenaihalvøya (dena'ina Yaghenen) er ei stor halvøy som stikk ut frå kysten av sørsentrale Alaska. Namnet «Kenai »(/ˈkn/, KEE-ny) er avleidd frå «Kenaitze», eit namn på urfolksstammen kahtnuht’ana dena’ina (‘folk langs Kahtnu (Kenaielva)’), dei historiske innbyggjarane i området.[1] Dei kalla Kenaihalvøya Yaghanen (‘det gode landet’).[2]

Kenaihalvøya
halvøy
Land  USA
Stat Alaska
Kart
Kenaihalvøya
60°10′00″N 150°15′00″W / 60.166666666667°N 150.25°W / 60.166666666667; -150.25
Kenaihalvøya i Alaska
Kenaihalvøya i Alaska
Kenaihalvøya i Alaska
Wikimedia Commons: Kenai Peninsula

Geografi endre

 
Tern Lake ligg ved krysset mellom to større vegar som går til halvøya.
 
Ytterkysten av Kenaihalvøya
 
Kenaielva
 
Bear Glacier Lake og Stillehavet
 
Kenaielva og -fjella i august 2003

Halvøya strekkjer seg rundt 150 mile (240 km) sørvestover frå Chugachfjella, sør for Anchorage. Ho er skild frå fastlandret av Cook Inlet i vest og av Prince William Sound i aust. Mykje av halvøya ligg i Kenai Peninsula Borough. Athabaskatalande og alutiiq-grupper budde på halvøya i tusenvis av år før russaren Gerasim Izmailov blei den fyrste europearen til å utforska og kartleggja området i 1789.

Dei bredekte Kenaifjella, som når 7 000 fot (2 100 m), går søraust langs halvøua ved kysten av Alaskabukta. Mykje av fjellkjeda ligg i Kenai Fjords nasjonalpark. Den nordvestlege kysten langs Cook Inlet er flatare og myrlendt, med fleire små vatn. Fleire større innsjøar strekkjer seg gjennom det indre av halvøya, mellom anna Skilaksjøen og Tustumenasjøen. Elvar på halvøya er mellom anna Kenai-elva, som er kjend for laksebestanden sin, og sideelva hennar Russian, Kasilofelva og Anchor-elva. Kachemakbukta, ei lita bukt i den større Cook Inlet, går inn i den sørvestlege enden av halvøya, som i stor grad er del av Kachemak Bay State Park.

Kenaihalvøya har mange isbrear i dei austlege og sørlege delane. Her ligg dei store isfelta Sargent Icefield og Harding Icefields, og talrike isbrear som spring ut frå dei.

Busetnader endre

Halvøya omfattar fleire av dei folkerikaste byane i sør-sentrale Alaska, mellom anna Seward ved kysten av Alaskabukta, Soldotna, Kenai, Sterling og Cooper Landing ved Cook Inlet og Kenaielva, og Homer ved Kachemakbukta, i tillegg til fleire mindre landsbyar og andre busetnader.

Homer er kjend som endepunktet for det asfalterte highway-systemet i Nord- Amerika, og er eit populært endemål for reisande som har køyrt til Alaska frå det samanhengjande USA. Seward er det sørlege endepunktet for jernbanen Alaska Railroad. Det finst lufthamner med ruteavgangar i Kenai og Homer, i tillegg til mindre lufthamner i Soldotna og Seward. Seward Highway knyter Seward til Anchorage, medan Sterling Highway er hovudvegen på Kenai Peninsula som bind saman dei større busetnadane med Anchorage.

Klima endre

Klimaet på halvøya er relativt mildt, med rikeleg nedbør. Staden er eit av få område i Alaska der ein kan driva jordbruk, med ein vekstsesong som er lang nok til å dyrka høy og fleire andre avlingar.

Halvøya har førekomstar av naturgass, petroleum og kol, i tillegg til rikt fiske for kommersielle og personlege føremål. Turisme er ei viktig næring, i tillegg til utstyring og guiding for jegerar og fiskarar. Kenaihalvøya er blitt kalla «Alaska's Playground».[3] Kenai National Wildlife Refuge dekkjer nær to millionar acre på halvøya.[4]

Kjelder endre

  1. «Kenai Peninsula». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. 
  2. Kenaitze Indian Tribe
  3. Nikiforuk, Andrew (2011). «The Alaska Storm». I Pulling, Barbara. Empire of the Beetle. Greystone Books. s. 5. ISBN 978-1553655107. 
  4. KNWR website