Kenguruøya er den tredje største øya i Australia, etter Tasmania og Melvilleøya. Øya ligg 112 km sørvest for Adelaide ved innløpet til Saint Vincent-bukta. På det næraste ligg Kenguruøya 13 km frå det australske fastlandet, det er Cape Jervis på odden av Fleurieu-halvøya i delstaten South Australia. Øya høyrer til den same delstaten. Heile øya er samla i ein kommune.

Kenguruøya
Kangaroo Island, Karta
øy
Land  Australia
Stat Sør-Australia
Areal 4 405 km²
Folketal 4 250
Kart
Kenguruøya
35°50′00″S 137°15′00″E / 35.833333333333°S 137.25°E / -35.833333333333; 137.25
Kart over Kenguruøya
Kart over Kenguruøya
Kart over Kenguruøya
Wikimedia Commons: Kangaroo Island

Øya er 153 km lang og dekker ei flatevidd på 4 405 km². Ho er mellom 900 m og 57 km brei. Kysten er 540 km lang og den høgste toppen på øya ligg 307 meter over havet. I fylgje ei folketeljing halden i 2011, budde 4 417 menneske på Kenuguruøya. Folketilveksten har minka i dei seinare åra, då mange av dei unge flyttar over til fastlandet.

Historie endre

Kenguruøya vart skild frå Australias fastland ved at havnivået steig for om lag 9 000 år sidan. Reiskapsfunn av stein tyder på aboriginar hadde busett seg på staden seinast for 11 000 år sidan; ein reknar med at dei forsvann kring 200 år før Kristi fødsel. Teoriar om sjukdom, innavl, krig, klimaendring og utflytting har vore nemnt som forklaring til at folket forsvann.

Aboriginarar på fastlandet kalla øya «Karta» ('Daudeøya').

Øya fekk det engelske namnet sitt i 1802 av den britiske oppdagaren Matthew Flinders som gjekk i land på nordkysten av Dudley-halvøya. Kort etter kom den franske oppdagaren Nicolas Baudin, som kartla mykje av øya. Trass i at Frankrike og Storbritannia då var i krig, møttest mannskapa på skipa på fredeleg vis. Begge ekspedisjonane bunkra ferskvatn frå same kjelda nær Frenchman's Rock.

Største byen på Kenguruøya er Kingscote. Byen vart oppretta på Reeves Point i 1836, og var det fyrste statsgodkjende, europeiske busetjinga i delstaten South Australia. I den nest største byen på Kenguruøya, Penneshaw, bur kring 300 personar. Han ligg på nordaustspissen av Dudley-halvøya, ved austenden av øya. Viktigaste båtsambandet med fastlandet går over Penneshaw.

Klima endre

Vintrane mellom juni og september er milde og våte, somrane vanlegvis varme og turre. Maksimumstemperaturane om sommaren når berre sjeldan opp i 35 grader Celsius. Middeltemperaturen i august ligg mellom 13 og 16 grader, medan den i februar, den heitaste månaden, er mellom 20 og 25 grader. To tredjedelar av årsnedbøren fell i tida mai-september, årsnedbøren varierer frå 450 mm i Kingscote til kring 900 mm på toppen av sentralplatået. Juli er våtaste månaden.

Dyreliv endre

 
Utsyn mot aust frå viltreservatet Seal Bay

Grunna isoleringa frå fastlandet finst det korkje rev eller kanin på Kenguruøya, og det er forbod mot å føre dei inn. Registrering og microchipping av kattar er påbode. Kjempekenguru, tammarwallaby, pungrev, kortnebba maurpiggsvin og nyzealandsk pelssel er stadeigne artar, til liks med seks artar skinnvengjer og frosk. Den einaste ryggrads-arten (vertebraten) som ikkje er funnen nokon annan stad på kloten er ei lita kjøtetande pungmus kalla kenguruøy-pungmus. Kenguruøya hadde ein særeigen bestand av emu, kalla dvergemu. Denne døydde ut kring 1827, kanskje grunna skogbrannar eller etter jakt frå sel- og kvalfangarar.

Koala, vanleg pungikorn og nebbdyr har vorte innført og lever der framleis. Koalaen har trivst på øya, så mykje at hovudretten Manna Gum (ein art eukalyptustre), står i fare for å verte utrydda. Koalaen har difor vorte tvinga til å beite på artar som er tyngre å fordøye.

Kenguruøya har den einaste bestanden i South Australia av den utryddingstruga arten glanssotkakadu.

Meir enn halvdelen av øya er dekt av vegetasjon som aldri har vore rydda. Ein fjerdepart av landområdet er utlagt til nasjonalparkar og verneområde av ulik status.

Økonomi endre

Landbruk er dominerande næringsgrein, med produksjon av vin, honning, ull, kjøt og korn. Tidlegare var sauehald viktigast i landbruket, i seinare år har ein sett auka avlingar av til dømes poteter og raps. Kvegdrift har også auka på, då helst i område med tilstrekkeleg nedbør. Framstilling av vin kom i gang frå 1982. Turisme og fiske er andre viktige næringar.

Kenguruøya er særleg kjend for honning, og har den eldste verna bistammen i verda. Bier vart innført frå den italienske provinsen Liguria i 1881. Stammen på Kenguruøya er den einaste reinrasa som finst att. For å verne denne stammen er import av bier og honningprodukt til Kenguruøya forbode.

Turisme endre

Kenguruøya er eit av dei mest populære turistmåla i South Australia, med over 140 000 besøkande årleg. Meir enn ein fjerdepart av desse er utlendingar, i hovudsak frå Europa.

Kjelder endre