Kenneth Høie

norsk fotballspelar

Kenneth Høie (fødd 11. september 1979) er ein norsk fotballkeeper frå Haugesund som spelar for Djurgårdens IF.[1] Han har tidlegare spelt for klubbane Haugar, Haugesund, Sogndal, Bryne, Start og Bodø/Glimt.

Kenneth Høie
Personleg informasjon
Fullt namn Kenneth Høie
Fødd 11. september 1979 (44 år)
Høgd 188 cm
Posisjon Målmann
Klubbinformasjon
Noverande lag
Djurgården
Nummer 12
Ungdomsklubbar
Haugar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999–2002
2002–2004
2004
2005–2011
2007
2012
2012–
Haugesund
Bryne
Sogndal
IK Start
Bodø/Glimt (lån)
Elfsborg
Djurgårdens IF
Landslag
1995
1996
1996-1997
1997
1998
1999
1998-2000
Noreg G15
Noreg G16
Noreg G17
Noreg G18
Noreg G19
Noreg U20
Noreg U21
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 22. mai 2012

Kenneth Høie kom til Bryne før 2003-sesongen, og var også ei tid aktuell for den skotske eliteserieklubben Dundee United i 2004. I 2005 gjekk han til Start der han var delvis fyrste- og delvis andrekeeper. I 2006 signerte Høie ei ny toårskontrakt med Start. I byrjinga av 2007-sesongen blei Høie degradert til tredjekeeper, og ble etter kvart lånt ut til Bodø/Glimt i 1. divisjon.

Bodø/Glimts fyrstekeeper Pavel Londak blei langtidsskada etter to serierundar i 2007-sesongen. Sidan klubben då berre hadde éi speleklar målvakt på A-laget, søkte dei om dispensasjon frå Norges Fotballforbund til å hente inn Kenneth Høie som erstatning. Høie stod fast som fyrstekeeper medan han var i Bodø/Glimt, og fekk 10 kamper under låneoppholdet. Etter at han kom tilbake til Start til haustsesongen var Høie fyrstekeeper. Han var så i Start til og med 2012-sesongen.

Frå mars til og med mai 2012 spelte Høie 11 kampar for Elfsborg, og hadde den høgste redningsprosenten av målvaktene i Allsvenskan i den perioden. 25. juni 2012 presenterte Djurgårdens IF Høie som si nye målvakt, med ei kontrakt på 2,5 år[2].


Referanser endre

Bakgrunnsstoff endre