Opna hovudmenyen

Kesab, Kessab eller Kasab (arabisk كسب, armensk Քեսապ, Kesab) er ein armensk-busett by nordvest i Syria i Latakia guvernement, 59 kilometer nord for Latakia. Han ligg nær grensa til Tyrkia i fjellsida til Aqraa (tyder «den hårlause» eller «skalla») 800 meter over havet.[2] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kesab eit folketal på 1 754 i 2004.[1]

Kesab
كسب, Քեսապ
by
Holy Trinity Armenian Evangelical Church at the centre of Kessab, Syria.jpg
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Latakia-distriktet
Nahiyah Kesab
Høgd 800 moh.
Koordinatar 35°55′N 35°59′E
Folketal 1 754 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kesab

Med det tørre klimaet og omgjeve av grøne skogar og djupe dalar, er Kesab ein populær feriestad for mange innbyggjarar i Aleppo og Latakia.[2]

Baghjaghaz-passet og høgda Chalma.

Byen ligg 59 kilometer nord for Latakia, berre tre kilometer frå den tyrkisk grensa og ni kilometer frå Middelhavet. Byen ligg 800 meter over havet i midten av ein tett barskog, og er ein populær feriestad om sommaren.

Kesab er en gammal armensk by som er datert attende til Det armenske kongedømet Kilikia. Innbyggjarane er i dag hovudsakleg armenarar[3] med ein minoritet av arabiske alawittar. Byen er omgjeven av små landsbyar og gardar, som òg stort sett er folkesett av armenarar: Duzaghaj, Esguran, Sev Aghpyur, Kinar, Chakhaljekh, Keorkeuna, Ekizolukh, Baghjaghaz, Karadouran, Karadash og den fråflytta landsbyen Bashurd.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Guide Arabe Pour Le Commerce, L'industrie & Les Professions Libérales Dans Les Pays Arabes. (1972). Page 12.
  3. Mannheim, Ivan (2001). Syria and Libanon Handbook: The Travel Guide. Footprint Travel Guides. s. 299. ISBN 1-900949-90-3. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kesab