Ketil Gjessing
Ketil Gjessing, (fødd 18. februar 1934 i Oslo) er ein norsk lyrikar. Han er utanna mag.art. og cand. philol. med litteraturvitskap (hovudfag), engelsk og musikk ifrå Universitetet i Oslo 1965.
Ketil Gjessing | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. februar 1934 (90 år) Oslo |
Yrke | lyrikar |
Arbeid
endreGjessing jobba som lærar i norsk ved Atlantic College i St. Donat´s South Wales, i England 1965-1966; Gjessing jobba som programsekretær i NRK Radioteatret frå 1966. Han er no pensjonist.
Organisasjonsmedlemskap: Den norske forfatterforening, Norsk forfattersentrum, Norsk oversetterforening, Språkleg samling, Folkereising mot krig, Norsk tjenestemannslag. Redaksjonsmedlem i Pax og Profil.
Utgjevne dikt:
endre- Kransen om et møte - 1962
- Frostjern - 1968
- Private steiner - 1970
- Utgående post - 1975
- Snøen som faller ifjor - 1977
- Bjelle, malm - 1979
- Vinger, røtter - 1982
- Slik pila synger i flukten - 1985
- Nådefrist - 1988
Ein del dikt og artiklar har blitt publiserte i Edda, Pax, Profil, Samtiden, Vinduet og andre tidsskrift, også i utlandet, og i ein del aviser.
Han har vore representert i fleire antologiar, med novelle i Norske sengehester (1966, også på japansk og svensk), og med dikt i Ti unge, Nye navn i norsk kunst, I grenselandet, Amor Roma, La hundre blomster blomstre, Moderne norsk lyrikk og andre, også ein slovakisk antologi over norsk lyrikk. Fleire omsetjingar av høyrespel frå engelsk og spansk, alt i hovudsak frå den tredje verda, mellom anna Soyinka, samt høyrespelversjonar av scenedramatikk, dessutan dramatisering for radio av novella «Kjenner du når jeg gjør slik» (Robert Sheckley).
Prisar og utmerkingar
endreKjelde
endre- Leif Gjessing. Grømstad Gjessingene og dets etterkommere i 300 år: Ei slektsbok som består av innsendte bidrag frå dei som blir omtala.