Qalqilya
Qalqilya (arabisk قلقيلية Qalqīlyaḧ; hebraisk skrift קַלְקִילִיָה) er ein palestinsk by på Vestbreidda. Qalqilyah er det administrative senteret i Qalqilya guvernement. I 2007 hadde han eit folketal på 41 739.[2] Qalqilya er omgjeven av Israel si sperring på Vestbreidda med ei smal opning i aust som er kontrollert av det israelske militæret og ein tunnel til Hableh.[3][4]
Qalqilya | |||
قلقيلية | |||
by | |||
Qalqilya
| |||
Namneopphav: Ein type granateple, eller «gurgling av vatn»[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°11′25.36″N 34°58′06.63″E / 32.1903778°N 34.9685083°E | ||
Areal | 25,6 km² | ||
Folketal | 41 739 (2007)[2] | ||
Folketettleik | 1 630 / km² | ||
Borgarmeister | Othman Dawoud | ||
Qalqilya 32°11′25″N 34°58′07″E / 32.190377777778°N 34.968508333333°E | |||
Kart som viser Qalqilya.
| |||
Wikimedia Commons: Qalqilia | |||
Nettstad: www.qalqiliamun.ps |
Historie
endreRegionen har vore folkesett sidan førhistorisk tid, og det er gjort funn av førhistoriske flintreiskapar i området.
I 1596 stod Qalqili oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa . Han hadde eit folketal på 13 muslimske hushald og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven og geiter eller bikubar.[5]
I 1882 vart Qalqilya skildra som «ein stor, ganske spreidd landsby, med cisterner i nord og eit basseng i sørevst. Husa er i dårleg stand.»[6]
Qalqilya vart ein sjølvstendig lokal kommune i 1909.[treng kjelde]
I folketeljinga i 1922 hadde Qalqileh eit folketal på 2803, 9 kristne og 2 794 muslimar.[7]
I folketeljinga i 1931 hadde Qalqilya 796 busette hus og eit folketal på 3855 muslimar og 12 kristne.[8]
Den arabisk-israelske konflikten
endreI 1948 slo flyktningar frå dei arabiske landsbyane Kafr Saba og Abu Kishek seg ned i Qalqilya og fekk hjelp frå UNRWA. I våpenkvileavtalen i 1949 mellom Israel og Jordan vart byen ein del av det Jordan-okkuperte området.
Natta den 10. oktober 1956 gjekk den israelske hæren til åtak mot politistasjonen i Qalqilya. Moshe Dayan gav ordre om åtaket og det omfatta fleire tusen soldatar. Under kampane vart eit kompani fallskjermjegerar omringa av jordanske soldatar, og dei overlevande klarte berre så vidt å kome seg unna med luftstøtte frå fire israelske luftfartøy. Israelarane mista 18 mann, medan 68 vart skadde. Mellom 70 og 90 jordanarar vart drepne.[9]
Etter erobringa av Qalqilya i seksdagarskrigen vart innbyggjarane drivne bort og mange av bygningane rivne ned. I memoarane sine skildra Moshe Dayan øydelegginga som ei «straff» meint å jage innbyggjarane bort.[treng kjelde] Landsbybuarane fekk etter kvart lov å vende heim att og oppbygginga av dei øydelagde husa vart finansiert av dei militære styresmaktene.[10] I september 1967 hadde byen 8 922 innbyggjarar, der 1 837 opphavleg var frå israelske område.[11]
I 2003 vart Israel si sperring på Vestbreidda bygd kring byen, slik at han vart fråskild jordbruksområdet på andre sida av sperringa.[12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Qalqilya» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2015.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Elon, Amos (1983). The israelarar: founders and sons. Penguin Books. ISBN 978-0-14-016969-0.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2; Samarie, pt. 2. (p. 176)
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral s. 76
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Morris, Benny (2001). Righteous victims: a history of the sionist-arabarar conflict, 1881-2001. Vintage Books. ISBN 978-0-679-74475-7.
- ↑ Palmer, 1881, s. 183
- ↑ 2,0 2,1 «Population, Housing and Establishment Census 2007 : Census Final Results in The West Bank Summary (Population and Housing).» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 23. september 2015.
- ↑ Dani Filc and Hadas Ziv (2006). «Exception as the Norm and the Fiction of Sovereignty: The Lack of the Right to Health Care i Occupied Territories». I John Parry. Evil, Law and the State: Perspectives on State Power and Violence. Editions Rodopi B.V. s. 75. ISBN 9789042017481.
- ↑ United Nations Office for the Coordination of Humanitarian Affairs Qalqiliya Closures map for desember 2011 Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.
- ↑ Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 140.
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 165
- ↑ J.B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Subdistrict of Tulkarem, s. 27.
- ↑ E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 56.
- ↑ Morris, Benny (1993) Israel's Border Wars, 1949 – 1956. Arab Infiltration, Israeli Retaliation, and the Countdown to the Suez War. Oxford University Press, ISBN 0-19-827850-0. s. 397–399.
- ↑ Elon 1983, s. 231–232
- ↑ Joel Perlmann. The 1967 Census of West Bank and the Gaza Stip: A Digitized Version. Annandale-on-Hudson, N.Y.: Levy Economics Institute of Bard College. November 2011 – February 2012. [Digitized from: Israelsk statistisk sentralbyrå, Census of Population and Housing, 1967 Conducted i Areas Administered by the IDF, Vols. 1–5 (1967–70), and Census of Population and Housing: Aust-Jerusalem, Parts 1 and 2 (1968–70). http://www.levyinstitute.org/palestinian-census/.] Vol. 1, Table 2.
- ↑ The Wall (Qalqilya) 2003[daud lenkje] Relief Web, Henta 10th Dec 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Velkomen til Qalqiliya ved palestineremembered.com