Kfarsghab
Kfarsghab (òg kalla Kfar Sghab, Kafarsghab eller Kfarseghab; arabisk كفرصغاب) er ein landsby i Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg i Qadishadalen, ein heilag stad i austleg kristendom.
Kfarsghab | |||
كفرصغاب | |||
by | |||
Kfarsghab som sett frå Aintourine - august 2003
| |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nord guvernement | ||
Distrikt | Zgharta distrikt | ||
Høgd | 1 380 moh. | ||
Koordinatar | 34°16′42″N 35°57′44″E / 34.27833°N 35.96222°E | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 1304 | ||
Retningsnummer | +961 - 6 | ||
Kfarsghab 34°16′42″N 35°57′44″E / 34.278333333333°N 35.962222222222°E | |||
Kart som viser Kfarsghab.
| |||
Wikimedia Commons: Kfarsghab |
Kfarsghab består av to stader: Kfarsghab, ein høgtliggande fjellandsby, og Morh Kfarsghab, som ligg på ei slette nedanfor. Dei er busette høvesvis om sommaren og vinteren.
Etymologi
endreDet semittiske namnet Kfarsghab består av to delar: kfar og sghab. Den første delen, kfar, kjem frå den semittiske rota kpr, som i samanhengen svarar til det vanlege semittiske substantivet kapar som tyder «landsby».[1]
Kfarsghab kan då tyde «festningslandsby» eller «landsbyen Segub», der Segub då vil vere eit personnamn.
Historie
endreKfarsghab oppstod i førkristen tid, men som dei fleste landsbyane i Qadishadalen, byrja historia til Kfarsghab då maronittar slo seg ned i Libanonfjella på 900-talet. Fram til midten av 1700-talet var Kfarsghab ein liten, uviktig landsby med færre enn 150 innbyggjarar.
Kfarsghab er først nemnt i hendingar som skjedde i 1283, mot slutten av krossfarartida.[2] I 1470 er Kfarsghab nemnt i samband med bygginga av St. Awtel-kyrkja.[3] På 1500-talet dukka Kfasghab opp i to osmanske folketeljingar i 1519 og 1571.[4] Han hadde då 14 og 12 vaksne menn (eldre enn 15 år). Alle var kristne og gifte.
Geografi
endreKfarsghab består av to forskjellige busetnader, Kfarsghab og Morh Kfarsghab, som er busette høvesvis om sommaren og vinteren. Dette er ganske vanleg for jordbrukslandsbyar i området. Alle familiar har eit hus i kvar landsby. Andre døme på dette i Libanon er Ehden og Zgharta.
Kfarsghab er sommarlandsbyen og ligg langs vegen frå Ehden til Bsharri i nordlege delen av Qadishadalen, oppom Qozhayadalen i ei høgd på 1380 meter over havet.[5][6]
Morh Kfarsghab er vinterlandsbyen og ligg på nordvestsida av Joueitdalen, mellom Miziara og Bnachii. I snitt ligg denne 280 meter over havet.[7]
Klima
endreKfarsghab har eit typisk middelhavsklima for ein fjellandsby. Det er fire årstider, og vinteren er kald med moderate til store mengder snø.[8] medan somrane er milde og tørre. Området har ofte tåke på seinsommaren, tidleg på hausten og seint på våren. Dei høgaste middeltemperaturane i juli og august er 27 °C, medan den lågaste middeltemperaturen er i januar og februar med 2 °C. Sommartemperaturen kan nå 32 °C, og om vinteren kan temperaturen falle til under −5 °C.[9] Årsmiddelnedbøren er kring 1 200 mm, med mest nedbør på hausten og våren. Snøfall skjer normalt frå seint i november til tidleg i april og varierer frå 3 til 25 cm per månad.[10]
Vêrdata for Kfarsghab | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 8 | 8 | 10 | 14 | 20 | 25 | 27 | 27 | 24 | 20 | 17 | 11 | 18 |
Gjennomsnittleg min °C | 2 | 2 | 4 | 7 | 11 | 15 | 20 | 19 | 16 | 11 | 8 | 5 | 10 |
Kjelde: Kfarsghab.net[11] |
Økonomi
endreØkonomien er hovudsakleg basert på jordbruk, hovudsakleg frukt i form av eple og pærer.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kfarsghab» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Abi Khalil, Father Sharbel,Tarikh Al-Qiddissayn Sarkis wa Bakhos Ehden, J. Reaaidy Press, 1995. (ar)
- Abi Khattar, Sheikh Antonios, known as AïnTourini, Moukhtassar Tarikh Jabal Loubnan, i version of the father Ignatius Tannous AlKhoury revised by Dr. Elias Kattar, editor Lahd Khater, Beirut 1983. OCLC 21044417 (ar)
- El Debs, Bishop Youssef, Al Jamii Al Moufassal Fi Tarikh Al Mawarinah Al Mouassal - red. Dar Lahd Khater – 4. utg. OCLC 21630879 (ar)
- El Douaihy, patriark Estephan, Tarikh Al Azminah, in version of the Abbot Boutros Fahd, editions Dar Lahd Khater, Beirut – 3rd Edition. OCLC 41272562 (ar)
- Ducellier, Alain, Chrétiens d’Orient et Islam au Moyen Age, Armand Collin, Paris, 1996. ISBN 978-2-200-01448-3 OCLC 48508270 (fr)
- Gibran National Committee, Accounts of the Conventions on Jebbet Bcharri History, First convention, 1998, Second Convention, 2003, Third Convention, 2005.
- El Hattouni, Fr. Mansour, Nabthah Tarikhiyyah Fi Al Mouqataah AlKesrwaniah - editor Dar Nazir Abboud – Kaslik – 1986. OCLC 40972560 (ar)
- Karam, Fr. Maroun, Qoussat Al Milkiyah Firrahbana Allubnaniyah al Marouniyah, Dar Al Tiba'ah Al Lubananiyah, Beirut, 1972. OCLC 29797433 (ar)
- Al Kattar, Elias - Niyabat Trablous Fi ‘ahd Al Mamalik, Publications of the Det libanesiske universitetet, Beirut 1998. OCLC 76784216 (ar)
- Khalifeh, Issam Kamal, North Lebanon in Sixteenth Century - Details of material sivilisasjon, private editor, Beirut, 1999.
- Laban, Youssef, Kfarsghab and its region under the Mamluk, Private Editor, 2006.
- van Leeuwen, Richard - Notables & Clergy in the Lebanon Mountains- Editor E J Brill - Leiden – 1994. (en)
- Liban Souterrain (Loubnan Al Jawfi) Magazine - Bulletin du GERSL – N 5 – March 1998. OCLC 55975747 (ar)/(fr)
- Moosa, Matti, Al Mawarinah Fittarikh, Second Edition, Qadmous Publishing and Distribution, Damaskus, 2004. OCLC 58419654 (ar)
- Moqbel, Fr. Antoine,Deir Mar Antonios Qozhay, J. AlReaidy Press, 2000.
- Moubarac, Fr. Youakim - Pentalogie Antiochienne / Domaine maronittisk, Volume 1, Part 1, éditions Cénacle Libanais, Beirut 1984. OCLC 58616233 (fr)
- Salibi, Kamal, Muntalaq Tarikh Loubnan, Second Edition, Naufal Edition, Beirut, Libanon, 1992. OCLC 54216704 (ar)
- Salibi, Kamal, A House of Many Mansions, IB Tauris Edition, London, UK, 2003. ISBN 978-1-85043-091-9 OCLC 22594574 (en)
- Salibi, Kamal, Tarikh Loubnan Al Hadith, Dar Annahar Publishing, Beirut, 2002. OCLC 29579571 (ar)
- Yammine, Fr. Youssef, Daleel Ehden, Editor El, 2000. (ar)
- ↑ The American Heritage Dictionary of the English Language, Fourth Edition, 2000, we find the following entry: Semitic Roots, kpr - Definition: Common Semitic noun *kapar-, village.
- ↑ Douaihi, Es. (1984) : Tarikh Al Azminah, pages 261-262.
- ↑ Abi Khattar, A., Moukhtasar Tarikh ... , s. 139.
- ↑ Khalifeh, I. K.: North Lebanon in the Sixteenth Century, pages 30-65.
- ↑ Raunier, Lt. (2004), Loubnan Ash-Shamali fithilth al awwal minal Qarn Al'ishrin, Dar Annnahar, Beirut Libanon. Page 30
- ↑ Kfarsghab page on Zgharta.com, last retrieved on August 5, 2008.
- ↑ fallingrain.com
- ↑ Daily Star rapporterte i 2003 om snøras som øydela frukthagar i Kfarsghab. lebanonwire.com, Libanonwire.com, henta 21. september 2014
- ↑ Zgharta.com, henta 21. september 2014
- ↑ zgharta.com, henta 21. september 2014
- ↑ «Geografi i Kfarsghab». Kfarsghab.net. 2006. Arkivert frå originalen 25. mars 2016. Henta 20. september 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- (en)/(fr) kfarsghab.net