Khirbet Ghazaleh
Khirbet Ghazaleh (arabisk خربة غزالة, òg skrive Khirbet Ghazalah) er ein by i Daraa guvernement, kring 17 kilometer nordaust for Daraa ved Da'el i vest og nær Izra' i nord. Han ligg langs hovudvegen mellom Damaskus og Amman. I 2004 talte Statistisk sentralbyrå i Syria 16 240 innbyggjarar i Khirbet Ghazaleh.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Khirbet Ghazaleh | |||
خربة غزالة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Khirbet Ghazaleh | ||
Koordinatar | 32°44′N 36°12′E / 32.733°N 36.200°E | ||
Folketal | 16 240 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Khirbet Ghazaleh 32°44′00″N 36°12′00″E / 32.73333333°N 36.2°E | |||
Kart som viser Khirbet Ghazaleh.
| |||
Wikimedia Commons: Khirbet Ghazaleh |
Historie
endreDet syriske opprøret i 2011
endreInnbyggjarane i Khirbet Ghazaleh deltok i demonstrasjonane mot dei syriske styresmaktene og tok imot Den frie syriske armeen (FSA) til opposisjonen under opprøra i 2011-2012.[treng kjelde] Den 14. november 2011 etter eit åtak frå FSA mot ein buss som førte tryggingspoliti, gjekk den syriske hæren til væpna åtak mot byen og 20 FSA-medlemmar, lokale soldatar og sivile mista livet. I følgje opposisjonsaktivistar i Khirbet Ghazaleh støytte FSA saman med den syriske hæren medan beduinar frå kringliggande landsbyar kom for å hjelpe innbyggjarane i byen.[3]
Den 18. mars 2012 øydela opposisjonssoldatar ein overføring på hovudvegen for å hindre tanks å kome inn i området. Det statseigde Syrian Arab News Agency (SANA) stadfesta bombinga av brua og estimerte kostnaden av øydeleggingane til over $5 million.[4]
Den 8. mai 2013 erobra den syriske armeen byen etter to månader med intens bombing, og fekk kontroll over den internasjonale hovudvegen.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Khirbet Ghazaleh» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster.
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
- ↑ Smith, 1841, s. 151.
- ↑ Oweis, Khaled Yacoub. Fighting in Syria kills 40 near Jordan border-activists Arkivert 2011-12-30 ved Wayback Machine.. Reuters. 2012-04-05.
- ↑ Mroue, Bassem. Explosion near Syrian security building in Aleppo. The Associated Press. 2012-03-18.
- ↑ «Assad's forces capture strategic town in southern Syria». Trust.org (Reuters). 17. april 2014. Arkivert frå originalen 4. august 2013. Henta 17. april 2014.