Kielkanalen (tysk Nord-Ostsee-Kanal) er ein skipskanal som bind saman Austersjøen ved Kiel med Elben ved Brunsbüttel i Ditmarsken. Med 34 879 skipspassasjerar (2012) er han verdas mest trafikkerte kanal.[1]

Kielkanalen
Slusene ved Brunsbüttel
Land  Tyskland
Del av Austersjøen
Lengd 98 km
Type kanal
Kart
Kielkanalen
53°53′00″N 9°08′00″E / 53.883333333333°N 9.1333333333333°E / 53.883333333333; 9.1333333333333
Wikimedia Commons: Kiel Canal

Kanalen gjev ei enklare rute mellom Austersjøen og Nordsjøen, eit fartøy sparer 280 nautiske mil (519 kilometer) sammenlikna med å runda Jylland. I dag har kanalen ei fri seglingshøgd på 40 meter og tillèt skip med breidder på opptil 32,5 meter og djupner på 9,5 meter.

Historie endre

 
Frå opninga av den utvida Kielkanalen i 1914. Keisaren og familiemedlemmer passerer gjennom kanalen.
 
Utsikt over Kielkanalen mot sørvest frå salongen i cruiseskipet «Norwegian Dream».

Kanalen blei laga for å erstatta Eiderkanalen, som ikkje hadde kapasitet til å handtera den stadig aukende dampskiptrafikken. Arbeidet byrja i 1887 under regjeringa til keisar Vilhelm I, og blei innvigd 21. juni 1895 av sonesonen hans, Vilhelm II. Kanalen var opphavleg 67 meter brei og 9 meter djup, men i perioden 1907–1914 bleu han utvida til 102 meters breidd og 11 meters djupne.

Fram til 1948 blei kanalen kalla Kaiser-Wilhelm-Kanal, men etter andre verdskrigen fekk han det meir nøytrale namnet «Nord-Ostsee-Kanal», forkorta NOK av tysk sjøfart. På andre språk bruker ein ofte namnet «Kielkanalen» etter hamna i den nord-austlege enden av kanalen.

Kjelder endre

  1. «Kiel-Canal-Info». Wasser- und Schifffahrtsdirektion Nord, Kiel. 2012. Arkivert frå originalen 6. juni 2013. Henta 11. juni 2013. 

Bakgrunnsstoff endre