Agnes Buen Garnås

norsk songar

Agnes Buen Garnås (23. oktober 194612. november 2024) var ein norsk folkemusikar og songpedagog, kjend som ein av dei fremste kvedarane i Noreg.[1]

Agnes Buen Garnås

Fødd23. oktober 1946
FødestadJondalen
Død12. november 2024 (78 år)
DødsstadNotodden kommune
OpphavNoreg
Sjangerfolkemusikk
Instrumentvokal
Verka somsongar, sangpedagog
MorMargit Buen
FarAnders A. Buen
BornIngvill Marit Buen Garnås, Jon Elling Buen Garnås, Per Anders Buen Garnås
PrisarKongens fortenestmedalje i gull, Norsk kulturråds ærespris, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans

Buen Garnås voks opp i Jondalen ved Kongsberg, som dotter til spelemannen Anders Buen og kvedaren Margit Buen, og søster til folkemusikarane Hauk og Knut Buen. Ho var utdanna i kulturarbeid ved Høgskulen i Telemark (1975-77) og har vidare undervist ved Ole Bull AkademietVoss og vore tilknytt universitet og høgskular. Saman med Dagne Groven Myhren etablerte ho kvedarseminara, først på Rauland i 1975, som resultat av arbeidet i miljøet rundt Club 7.[2] Ho etablerte Norsk Kvedarforum i 2002.

Ho var med i ensemblet Kvedar (2000-2004), og var så med i ensemblet Ljod med Marilyn Mazur, Birgit Løkke og Ruth Wilhelmine Meyer. Buen Garnås verka mykje på plater og konserter med den yngre broren Knut Buen, i tillegg med Jan Garbarek (Rosenfole og Twelve moons). Ellers var ho mor til kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås, munnharpisten Jon Elling Buen Garnås og felespelaren Per Anders Buen Garnås. Ho var busett i Bø i Telemark.

Diskografi

endre

Prisar

endre

Kjelder

endre
  1. Aksdal, Bjørn (18. juni 2024). «Agnes Buen Garnås». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «Agnes Buen.Garnås». folkogdans.no. Arkivert frå originalen 28. september 2007. 

.