I
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
I (i) er den niande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (I ι), og den 11. bokstaven i det ukrainske alfabetet. Det greske alfabetet overtok bokstaven frå fønikisk skrift. På semittisk heiter bokstaven jod. Grekarane gav han namnet iota og nytta han for vokalen i, medan han på semittisk er j, halvvokal (konsonantisk i). På latin vart han nytta både som i- og j-lyd. I dei siste tiåra fvt. og seinare nytta ein ein lang i-lyd eller ij-lyd ved å gjere streken i bokstaven ekstra lang. Frå 1100-talet vart det vanleg å sette ein tynn strek over bokstaven, og frå 1300-talet sette ein i staden ein prikk over for å skilje han ut.
I runealfabetet er han den tredje runen i andre ætt.
Bokstaven uttrykker ord på både norsk og engelsk: På norsk er dette ordet ein preposisjon, medan på engelsk er det det personlege pronomenet for første person, eintal, i subjektsform.
I kan stå forEndra
- det kjemiske symbolet for grunnstoffet jod
- talet 1 skrive med romartal
- nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Italia
- på bilskilt frå Austerrike: Innsbruck
- på norske bilskilt før 1971: Aust-Agder fylke
- latinsk og romersk forkorting for imperator. På latinsk kan forkortinga òg tyde Julius, Junius, Juno, Jupiter med fleire.
i er det matematiske symbolet for √–1.
KjelderEndra
- «I – i» i Store norske leksikon, snl.no.