Kirsten Clausen (fødd 13. august 1945) er ein norsk advokat, høgrepolitikar og feminist frå Stavanger.[1]

Kirsten Clausen
Fødd13. august 1945 (78 år)
Stavanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkeadvokat, politikar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Liv og virke endre

Clausen var elev ved Kongsgård skole i Stavanger.[2] Ho blei utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1970 og var deretter politifullmektigSunnmøre og dommarfullmektig i Ryfylke 1971–1973, den siste tida som konstituert sorenskrivar.[3] Ho fekk advokatløyve i 1973 og har drive eiga advokatforretning i Stavanger sidan 1975.[4] Ho var ein av dei fyrste kvinnelege advokatane i Rogaland, og fekk tilnamnet «Kirsten Skillekniv» på grunn av arbeidet sitt med familierett.[1][5]

Clausen har vore aktivt politisk engasjert i Høgre og Norsk Kvinnesaksforening sidan 1960- og 1970-åra, og har hatt ei rekkje styreverv og offentlege verv.[6] Ho har representert Høgre i kommunestyret i Randaberg i fleire tiår sidan 1988, er mangeårig gruppeleiar for Høgre i kommunestyret i periodane 2001–2007 og 2011–2019, har vore ordførarkandidaten til partiet i 1991 og 2003[7][8] og er også leiar i Randaberg Høyre frå 2015.[9][10] Ho var stortingskandidat for Rogaland Høgre i 1992.[9] Ho har også hatt leiarverv i kvinnerørsla til Høgre.

Clausen har også vore medlem av tilsynsråda for Stavanger krinsfengsel, Åna krinsfengsel, Sjømannskontoret i Stavanger og helsevernet for psykisk utviklingshemja i Rogaland.[11]

Bibliografi endre

  • Kirsten Clausen, Med Sokrates i Rogaland: akademi på rogalandsk i 50 år, Rogaland akademi, 2005, ISBN 8281400161

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Kirsten Littavhvert». Stavanger Aftenblad. 26. august 1995. s. 16. 
  2. Stavanger Aftenblad: «Dusavik-jente som politifullmektig ved Sunnmøre Politimesterembede», 11. januar 1971 s. 6.
  3. Haugesunds Avis. 22. september 1973. 
  4. Aktive medlemmer 1. juli 1982. Den norske advokatforening. 1983. ISBN 8272350122. 
  5. «Kirsten, kvinnesak, politikk og kattene». Bygdebladet. 16. april 2014. 
  6. «Kvinnekamp med Kirsten i Malmø». Bygdebladet. 19. juni 2014. s. 10. 
  7. «Vil ha sprit på bensinstasjon», Dagsavisen, 11. september 2003
  8. «Fortsetter ordfører-Tom?», Aftenbladet, 13. september 2003
  9. 9,0 9,1 Kirsten Clausen[daud lenkje], Høyre
  10. «Dette er kommunestyret i Randaberg»
  11. Forvaltningsdatabasen