Hagekjørvel

(Omdirigert frå Kjørvel)
«kjørvel» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå kjørvel (fleirtyding).
Hagekjørvel
Hagekjørvel
Hagekjørvel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Hundekjeksslekta Anthriscus
Art: Hagekjørvel A. cerefolium
Vitskapleg namn
Anthriscus cerefolium

Hagekjørvel (Anthriscus cerefolium) er ein urt på 25-80 cm som blir dyrka som krydderurt og finst forvikka ved busetnader og avfallsplassar.

SkildringEndra

Hagekjørvel er ein eittårig plante med ein opprett, buska vekst. Stengelen har rundt tverrsnitt og er hol og glatt, men hårete ved basis til blada. Blada er eggforma og fleire gonger fjørdelte med tannete rand. Dei kan minna om persilleblad. Oversida er grasgrøn, medan undersida er lysegrøn.

Planten blomsrar i mai-juni. Blomane finst samla i side- og endestilte skjermar. Einskildblomar er femtalige og regelmessige bortsett frå randblomane til kvar skjerm, som har forlenga kronblad mot utsida. Kronblada er kvite. Frøa er nøtter med eit kort nebb.

Rotsystemet består av ei kort, lodrett pålerot med nokre få, grove siderøter.

UtbreiingEndra

Planten har det naturlege utbreiingsområdet sitt i Midtausten, Kaukasus, Sentral-Asia og i Aust- og Sør-Europa. I Norden kan ein finna han forvilla frå hagedyrking. Arten er tilpassa lysopne eller halvskygga voksestader med ein jordbotn som er middels fuktig og næringsrik.

BrukEndra

Blada blir brukt friske eller frosne som krydder til suppe, sausar, salatar, kylling, egg- og fiskeretter. Heile planten luktar aromatisk, og minnar om anis.

Sjå ògEndra

FotnotarEndra