Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad (fødd 7. juni 1944) er ein norsk forfattar fødd i industristaden Sauda i Rogaland. Han har skrive dikt, romanar og sakprosa.
Kjartan Fløgstad | |
Kjartan Fløgstad Foto: Jarle Vines
| |
Pseudonym | K. Villum |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juni 1944 (80 år) Sauda kommune |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1968- |
Medlem av | Den norske Forfatterforening |
Born | Aslak Nore |
Debut | Valfart |
Kjartan Fløgstad på Commons |
Biografi
endreFløgstad debuterte som lyrikar med diktsamlinga Valfart i 1968. Gjennombrotet kom med romanen Dalen Portland (1977), som han fekk Nordisk råds litteraturpris for. Fløgstad skriv på nynorsk.
Fløgstad studerte litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Etterpå arbeidde han i ei tid som industriarbeidar og sjømann før han debuterte som lyrikar med diktsamlinga Valfart i 1968.
I 1970 debuterte Fløgstad som prosaforfattar med Den hemmelege jubel. I 1972 kom novellesamlinga Fangliner, der han lét sjøfolk og skiftarbeidarar i tungindustrien koma til orde på deira eige språk, og forfattaren sitt marxistiske grunnsyn vart tydeleg. Gjennombrotet kom i 1977 med romanen Dalen Portland. Her fylgjer han utviklinga av det norske industrisamfunnet gjennom to generasjonar i etterkrigstida. I Fyr og flamme er det snarare avviklinga av industrisamfunnet som vert skildra, der siste generasjon misser det å høyra til ei klasse i klassesamfunnet. Dei klasselause ender som rastlause menneske med eit indre tomrom.
Fløgstad har vore ein aktiv kulturdebattant og essayist. På same vis som romanane demonstrerer essayistikken eit tvitydig forhold til norsk industrikultur på den eine sida og internasjonal kulturindustri på den andre. Han har skrive ein biografi om diktaren Claes Gill, reiseskildringar frå Latin-Amerika, om norske utvandrarar til Sør-Amerika, og har i tillegg gjendikta latinamerikanske lyrikarar. Arbeidets lys er ein analyse av tungindustrien i Sauda, og Osloprosessen tek for seg spriket mellom hovudstaden si sjølvforståing og byen si minkande tyding for landet si verdiskaping.
Verkliste
endre- Valfart - diktsamling (1968)
- Sememoniar - diktsamling (1969)
- Den hemmelege jubel - prosa (1970)
- Fangliner - noveller (1972)
- Rasmus - roman (1974)
- Døden ikke heller - kriminalroman (1975) - som K. Villum
- Ein for alle - kriminalroman (1976) - som K. Villun
- Dalen Portland - roman (1977)
- Fyr og flamme - roman (1980)
- Loven vest for Pecos - essaysamling (1981)
- U 3 - roman (1983)
- Ordlyden - essaysamling (1983)
- Det 7. klima - roman (1986)
- Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill - biografi (1988)
- Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år - sakprosa (1990)
- Kniven på strupen - roman (1991)
- Fimbul - roman (1994)
- Dikt og spelmannsmusikk 1968-1993 - (1993)
- Pampa Union. Latinamerikanske reiser - reiseskildring (1994)
- Ved Roma port - (1994)
- Vestavind - TV-serie (1994–95)
- Antipoder - essaysamling (1996)
- Kron og mynt - roman (1998)
- Dei ytterste ting. Nødvendighetsartiklar - essaysamling (1998)
- Eld og vatn. Nordmenn i Sør-Amerika - sakprosa (1999)
- Evighet varer lengst - skuespill (2000)
- Sudamericana - reiseskildring (2000)
- Osloprosessen - (2000)
- Shanghai Ekspress - reiseskildring (2001)
- Paradis på jord - roman (2002)
- Brennbart - sakprosa (2004)
- Snøhetta: hus som vil meg hysa - sakprosa (2004)
- Grand Manila - roman (2006)
- Pyramiden, portrett av ein forlaten utopi - essays (2007)
- Grense Jakobselv - historisk roman (2009)
- Nordaustpassasjen - roman (2012)
- Magdalenafjorden - roman (2014)
- Dovre faller. 1814–2014 - sakprosa (2014)
- Brasil 2014 - (2014)
- Etter i saumane. Kultur og politikk i arbeidarklassens hundreår - (2016)
- Trans-Sovjet ekspress. Gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar - (2017)
- Sandharpesongar. Med noter & besifring - songlyrikk (2018)
- Håkon Bleken. Do not go gentle - (2018)
- Due og drone - roman (2018)
- På æren løs. Krigen, litteraturen og Æresretten - (2020)
- Habeas corpus - roman (2022)
Prisar
endre- Aschehougprisen 1975
- Nordisk råds litteraturpris 1978, for Dalen Portland
- Kritikerprisen 1980, for Fyr og flamme
- Melsom-prisen 1981
- Nynorsk litteraturpris 1983, for U3
- Stavanger Aftenblads kulturpris
- Nynorsk litteraturpris 1986, for Det 7. klima
- Gyldendals legat 1991
- Doblougprisen 1997
- Brageprisen 1998, for Kron og mynt
- Gyldendalprisen 1998
- Edvardprisen 2003
- Bernardo O'Higgins-ordenen, tildelt av Chile si regjering i 2004
- Årets nynorskbrukar 2005
- Målprisen 2005
- P2-lytternes romanpris 2006, for Grand Manila
- Kritikerprisen 2006, for Grand Manila
- Rogaland fylkeskommunes kulturpris 2007
- Språkprisen 2008
- Brageprisen sin heiderspris 2008
- Nynorsk litteraturpris 2009 for Grense Jakobselv
Litteratur
endre- Øystein Rottem: Kjartan Fløgstad. Eit forfattarhefte. Oslo, 1999
- Torgeir Haugen (red.): Litterære skygger. Norsk fantastisk litteratur. Oslo, 1998
- Agora nr. 4-2005: Kjartan Fløgstad.
- Heming Gujord: Fløgstad verk. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. Oslo, 2018
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Kjartan Fløgstad hjå Nasjonalbiblioteket
- NRK: Lydfiler med Kjartan Fløgstad
- Kjartan Fløgstad i NRK Forfatter
- Kjartan Fløgstad Arkivert 2007-06-07 ved Wayback Machine. i Dagbladet Forfatter
- «Kjartan Fløgstad» av Eivind Myklebust på Allkunne