Brennbart
Brennbart av Kjartan Fløgstad er ein pamflett som kom ut i 2004 på Gyldendal Norsk Forlag. Han går her i rette med påstandar om kven som var nazistar under og før krigen, og kva språklege organisasjonar tok av standpunkt til okkupantmakta under krigen. Moderne intoleranse imot nynorsk med bokbrenning, useriøse sidemålsforsøk og marknadsargumentering imot eit språk får sitt pass påskrive som ei linje mellom nyliberal og nazistisk tenking.
Tema i Brennbart
endreDei norske fascistane etter region
endreFløgstad søkjer å fortelje kven som statistisk og regionalt sett var dei norske fascistane. Han gjer ein gjennomgang av tidlegare analysar rundt temaet og fleire akademiske kjelder vert siterte. Professor Johs. Andenæs om oppslutninga om Nasjonal Samling: «De høyeste tall hadde man i Oslo og østlandsfylkene Hedmark og Oppland, de laveste på Vestlandet, med Sogn og Fjordane som det aller laveste.»[1] Who were the fascists? Social roots of European fascism av Stein Ugelvik Larsen, m.fl. som omtalar dei norske motkulturane som i stor grad immune. Regional Contrasts in the Membership Base of the Nasjonal Samling. A Study in the Political Ecology of Norwegian Fascism 1933-45 av Jan Petter Myklebust og Bernt Hagtvet vert sitert. «N.S. i overveldande grad var eit by-basert parti. Det hadde sine beste rekrutteringsområde i hovudstaden i Oslo og i kommunane rundt Oslo-fjorden.» Seymor M. Lipset vert sitert på det generelle grunnlaget for fascisme: «Dei klassiske fascistrørslene har representert sentrum-ekstremisme, og Hitler var ein typisk 'sentrumsekstremist'.»[2]
Desse kjeldene er i skarp kontrast med det Hans Fredrik Dahl skriv. Dahl og Guri Hjeltnes frikjenn spesielt vestkant-ungdom i Oslo for all nazisympati i Norsk tro og tanke. Her skriv han at nesten alle desse deltok i illegalt arbeide eller drog til Sverige på slutten av krigen for å bli med i polititroppane, grunna sosialt press.[3]
Språkorganisasjonane under krigen
endreForfattaren av Brennbart finn kjeldemateriell for kva standpunkt språkorganisasjonane tok under krigen. Riksmålsforbundet søkte eit tett samarbeid med okkupantmakta for å omvelte det demokratisk fatta vedtaket som var 1938-normalen. Noregs mållag la einstemmig ned aktiviteten for å søkje språkfred, med ein einaste representant som unntak då denne var arrestert av tyskarane og fråverande.[4] Dette i skarp kontrast med historieskrivinga til Hans Fredrik Dahl og Lars Roar Langslet. Dahl i Norsk Idehistorie Bind fem skriv at "andelen av mål- og norskdomfolk som sluttet opp om Quisling var ikke ubetydelig". Vidare skal det i Dahl si verd ha eksistert målfolk som såg Vidkun Quisling og folkemordaren Alfred Rosenberg som vidareførarar av Ivar Aasen sitt arbeidet.[5] Langslet i frikjenn riksmålsforbundet og antar skulda for mangelen på språkfred ligg hos nynorskfolket.
Fløgstad poengterer at Dahl sitt bidrag i Norsk Idehistorie passerte forlagsredaksjonen, verkredaktørane og forlagsleiinga i Aschehoug.[6]
I det som må karakteriserast som den vidare kanonaden retta imot Hans Fredrik Dahl, vert følgjande menneskje brukt for negative attestar som dei gjev imot Dahl: Sissel Myklebust (førsteamanuensis ved UiO), lektor Jon Langdal, Rune Slagstad (dr. Philos) og Odd-Bjørn Fure (tidlegare professor i moderne historie ved UiB og no leiar ved Holocaustsenteret).
Motiva for pamfletten
Der eksisterte fleire utløysande motiv for pamfletten.
- Dåverande nestleiar i Unge Høgre, Harald Victor Hove, gjorde ei bokbrenning av ei nynorsk ordbok som reklame for partiet sitt.[7]
- Forsøket med valfritt sidemål i Osloskulane, som i stor grad gav inntrykk av å vere fagleg useriøst og politisk motivert.
- Bokbål av nynorskordlister på vestkantskular i Oslo etter gjennomslaget for forsøk med valfritt sidemål.[8][9]
- Påstandar i Norsk Idehistorie av Hans Fredrik Dahl, der norskdomrørsler og nynorskorganisasjonar vart påstått å komme svekka ut av rettsoppgjeret. Han skulle trekke seg frå desse påstandane. Dahl fekk og kritikk av Sissel Myklebust for dette verket, på grunn av eit urimeleg stort fokus på spiritisme og fascisme.[10]
- Feilaktige påstandar av Lars Roar Langslet som frikjenner Riksmålsforbundet for samarbeid med nazistane under krigen og legg skulda for dette over på den organiserte målrørsla.[11] Han skulle trekke attende begge desse påstandane.
- Langslet fortset med å peike ut nynorskrørsla som samarbeidsvillig, ved å skrive «I 1938 hørte bare 22 % av elevmassen til nynorske skolekretser; takket vere iherdig krigstidsinnsats var andelen steget til hele 34,1% i 1944». Langslet ser her bort ifrå sterk vekst før krigen.[12] Ifølgje Steinulf Tungesvik i Noregs Mållag gjekk delen nynorskkrinsar ifrå 1938 til 1940 opp frå 2250 til 2974, ein vekst som fortsette fram til krigsutbrotet. Tungesvik gjer Langslet rett i at det var ein auke i nynorskkrinsar frå krigsstarten 9. april til toppåret 1944, men på berre 13 (tretten) krinsar. For han er det eit poeng når han ikkje finn historiske kjelder som tyder på nazistisk hjelp eller samrøre ved denne vesle auken.[13]
- Nytteargumentasjonen imot sidemålet.
- Mangelen på reaksjon imot alt dette og korleis grove og feilaktige påstandar kunne skli igjennom dei faglege redaksjonane for det som skal vere fagbøker.
Debatten i etterkant av utgjevinga
endreLars Roar Langslet løyste debatten ved å legge seg flat.
Hans Fredrik Dahl fekk vondt for å trekke seg ifrå konklusjonane sine, og meinte i eit debattprogram at det måtte vere noko med nynorsken eller målrørsla som fall saman med nazismen og gjorde at målrørsla ikkje kom styrkt ut av krigen. Dahl skulle likevel innrømme at han vanskeleg kunne seie at nynorsken kom svekka ut av rettsoppgjeret etter krigen, då han ikkje visste noko om det. Dette på eit arrangert ordskifte i ein pøbb.[14]
Andre sider ved Dahl sin argumentasjon var karakterisering av dei som vel nynorsk, og dei lid av eit hat "som ingen i det lange løp kan kontrollere".[15] Slik karakteristikk var det fleire som introduserte.[16]
Finn Erik Vinje
endreFinn-Erik Vinje, professor i moderne nordiske språk, gjekk inn i debatten. I motpamfletten "NS, Høgnorsken og riksmålet" gjev Vinje si fulle støtte til Hans Fredrik Dahl.[17]
Eitt av motsvara til Vinje kom i fleire innlegg der ein peikar på at Finn-Erik Vinje er fødd Finn-Erik Dahl. Han bytta ut namnet sitt i 1960. Dei som heldt fram dette var leiaren i mållaget, Steinulf Tungesvik, og Olav Kobbeltveit, ein politisk kommentator i Bergens Tidende.[18][19]
Ragnhild Bjørge gjekk inn med fleire innlegg, som student som skreiv ei mastergradsoppgåve om nynorsk og NS. Etter hennar meining spreier Finn-Erik Vinje myter om målrørsla og Bjørge ser eit fagleg grunnlag for å seie målrørsla ikkje lét seg nazifisere. For Bjørge underslår Vinje dette.[20] Ho meinte i ettertid at Dahl hadde påverka media sin opptreden i debatten, spesifikt innleiinga i Redaksjon En.[14]
Oslopressa og nynorsken
endreØystein Rian, professor i historie ved Universitetet i Oslo, skreiv eit lesarbrev om debatten. Han meinte Oslo-pressa møtte Fløgstad og andre målfolk med ein merkeleg mangel på forståing. Rian trekker linjer til tidlegare marginalisering og latterleggjering av målfolk, og saknar ei bevisstheit om korleis Oslo var ein dansk kolonihovudstad i Noreg.[21]
Prisar
endreFløgstad fekk prisen Årets nynorskbrukar for 2005[22], "for framifrå og verdifull dokumentasjon av viktige trekk i norsk kulturhistorie." Prisen vart utdelt av dåverande kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland, som gav Fløgstad ros for å ha drive fram "ein av dei viktigaste språkpolitiske debattane i seinare tid".[23] Fløgstad nytta anledninga til å rette eit spark imot Oslo kommune, for ikkje å tillate sameflagg i 17. mai toget.[24]
Fotnotar
endre- ↑ Brennbart s.37-38
- ↑ Brennbart s. 30-31
- ↑ Brennbart s. 31
- ↑ Brennbart s. 47-48
- ↑ Brennbart s.29
- ↑ Brennbart s 25.
- ↑ Bergensavisen: Harald brenner "spynorsken"
- ↑ Dagbladet: Nynorsk i Oslo
- ↑ Språkrådet: Bokbål i by'n
- ↑ Norsk idéhistorie bind V. Bokmelding av Sissel Myklebust på nrk.no
- ↑ Fløgstad med innlegg i Dagbladet: Språkstrid i krig
- ↑ Brennbart s 44-45
- ↑ Vinje over streken - Noregs Mållag, arkivert frå originalen 6. mars 2016, henta 25. oktober 2008
- ↑ 14,0 14,1 Syn og Segn: Bak kulissane, arkivert frå originalen 22. februar 2008, henta 7. februar 2008
- ↑ Språk, hat og identitet
- ↑ Mange års røynsle med pil og boge
- ↑ Klassekampen: Bensin på bålet[daud lenkje]
- ↑ BT.no: Vinje, -ing og -else[daud lenkje]
- ↑ NM.no: Vinje over streken, arkivert frå originalen 6. mars 2016, henta 25. oktober 2008
- ↑ Klassekampen: -Vinje sprer myter[daud lenkje]
- ↑ Dagbladet: Intoleransen mot nynorsk
- ↑ Ivar Aasen-tunet Kjartan Fløgstad fekk prisen Årets nynorskbrukar 2
- ↑ regjeringen.no: Kjartan Fløgstad er "Årets nynorskbrukar 2005"
- ↑ VG: Fløgstad tildelt Målprisen