Kjemisk stoff

(Omdirigert frå Kjemikalie)

Kjemiske stoff er former av materie som har konstant samansetning og konstante eigenskapar, og som ikkje kan delast opp i enklare stoff utan å bryte opp kjemiske bindingar.[1][2] Ein skil mellom enkle stoff, kjemiske sambindingar og legeringar. Kjemiske stoff kan opptre i fast og flytande form, samt i gass- og plasmaform.

Laboratorieframstilling av diazometan.

Kjemiske stoff blir av og til kalla reine stoff for å skilje dei frå stoffblandingar. For eksempel er reint vatn eit kjemisk stoff fordi det har dei same eigenskapane og det same atomforholdet (hydrogen-oksygen 2:1), uavhengig av om det er henta i bekken eller framstilt i laboratorium.

Kjemikal endre

Kjemikal (eller kjemiske produkt) er kjemiske stoff framstilte gjennom kjemiske metodar i fabrikkar eller laboratorium. Omgrepet kan omfatta reine grunnstoff, kjemiske sambindingar eller stoffblandingar, og kan vera organiske eller uorganiske. Ein kan skilja mellom kjemikaliar og droger, som er råstoff framstilte frå dyr eller plantar.

Ein skil også mellom finkjemikal og tungkjemikal. Finkjemikal er reine kjemikal som blir framstilte og nytta i laboratoriemålestokk med ulik reinleiksgrad. Reinleiken blir oppgjeven med nemningar som rein (purum), reinast (purissimum eller puris.), pro analysi, eller i prosent, promille eller parts per million (ppm). Tungkjemikal (eller grovkjemikal) er kjemikal, særleg uorganiske, som blir framstilte i store mengder med såkalla teknisk reinleiksgrad. Syrer, salt og lut som ikkje har blitt særskild reinsa er døme på tungkjemikal.

Kjelder endre

«kjemikalier» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. IUPAC, red. (1997). Compendium of Chemical Terminology, 2nd ed. (the "Gold Book"). Oxford: Blackwell Scientific Publications. ISBN 0-9678550-9-8. doi:10.1351/goldbook.  [Compiled by A. D. McNaught and A. Wilkinson. Online version (2019-) created by S. J. Chalk.]
  2. The Processes of Life: An Introduction to Molecular Biology. MIT Press. ISBN 0-9678550-9-8. 

Bakgrunnsstoff endre