Kjempebjørnekjeks

Kjempebjørnekjeks (Heracleum mantegazzianum) er ein to-årig urt i skjermplantefamilien. Han kan verta opptil fem meter høg, og er svært hardfør. Planten veks som framandart ei rekkje stader, der han kan opptre invasivt. Spreiingsevna gjer at han ofte hemmar eller utkonkurrerer annan plantevekst. Han breier seg ofte langs vegkantar, bekkekantar og eng. Arten formeirer seg ved hjelp av frø. Han kan også formeirar seg klonalt med rotskot. Kjempebjørnekjeks kan vera vanskeleg å skilja frå tromsøpalme (Heracleum tromsoensis).[1]

Kjempebjørnekjeks
Kjempebjørnekjeks
Kjempebjørnekjeks
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med svært høg risikoUtbreiinga av kjempebjørnekjeks
Utbreiinga av kjempebjørnekjeks
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Slekt: Bjørnekjeksslekta Heracleum
Art: Kjempebjørnekjeks H. mantegazzianum
Vitskapleg namn
Heracleum mantegazzianum

Safta frå planta er giftig, og gjev ved eksponering under sollys hudreaksjonar på utsette område (fytofototoksisk reaksjon). Dette gjev seg vanlegvis utslag i raude, kløe, svie, eksem og i vondaste fall store blemmer (tredjegrads forbrenning) då giftstoffa gjer huda ømfintleg for UV-strålar. Denne ømfintlegheita kan halda fram i inntil eit år etter eksponering.

Ved nedklipping bør ein ha på seg verneutstyr, og dessutan huske på å vaska kuttereiskapar av metall etter bruk, då safta verkar oksiderande.

Skildring

endre
 
Grøn stilk med raude flekkar og kvite hår.

Kjempebjørnekjeks er ein skjermplante som kan bli opptil 5 meter høg. Han er fleirårig, og kan bruka nokre år på å bygga seg opp før han blømer. Etter bløminga døyr som oftast hovudskotet (til skilnad frå tromsøpalme).[1]

Blada kan bli 1-1,5 m vide,[2] og er flika med djupe kutt. Stilken er tjukk og sterkt grønfarga med mange mørke raudlege flekkar og grove kvite hår, særleg ved bladfestet. Stilkane er hole og rilla med diameter på vanlegvis 3–8 cm, av og til opptil 10 cm. Dei raude flekkane på stilken omgjev eit enkelt hår kvar.[3] Blomane sit på skjermar som kan ha ein diameter på opptil 100 cm langs den flate toppen. Blomane er kvite eller grønkvite og kan vera radialt symmetriske eller sterk bilateralt symmetrisk (zygomorfe).[4] Dei dannar spaltefrukter med frø i flate, ovale par.[4]:825 Kvart frø er rundt 1 cm langt, lysebrunt på farge med brune linjer på langs. Fruktene er tynne, med venger, og kan spreia seg over korte avstandar med vinden.[1]

Utbreiing

endre

Arten stammar frå Vest-Asia, truleg opphavleg frå Vest-Kaukasus.[1] Desse områda har ein årleg nedbør på 1000–2000 mm og eit temperert, kontinentalt klima. Ved landsbyen Omalo i Tushetidalen i Georgia finst han saman med m.a. Aquilegia olympica, Dactylorhiza euxina, Echium russicum, bekkeblom, enghumleblom, marianøkleblom, brudespore, Primula luteola og Tanacetum coccineum. Han er naturalisert overalt i Europa, der han invaderer stadar med lett skugge, vedvarande fuktig jord med eit høgt innhald av humus og næringsstoff. Mange stader kom han inn som hageplante.

Framandart i Noreg

endre

I Noreg er han ganske vanleg på Austlandet og nordover mot Møre og Romsdal og Trøndelag, meir spreidd langs Sørlandskysten og på Vestlandet.[1]

Kjempebjørnekjeks er ei innført plante og difor ikkje opphavleg heimehøyrande i Noreg. I Fremmedartslista 2018 er kjempebjørnekjeks vurdert til å ha svært høg risiko på grunn av stort invasjonspotensial og middels økologisk effekt.[5]

Nedkjemping

endre

Fleire stader har planta spreidd seg uhemma og har danna tette felt der dei skuggar for alt anna. Dette har ført til at mange meiner at planta bør utryddast, og mange område har sett planar i verk for nedkjemping av kjempebjørnekjeks.

Kjempebjørnekjeks kan verta kjempa mot ved hjelp av:

  • Rotstikking/oppgraning
  • Avskjering av blomsterskjermane (ei plante kan setja fleire tusen frø)
  • Slått
  • Jordhandsaming
  • Beiting
  • Punktsprøyting
  • Flytande nitrogen

I kulturen

endre

Det engelske progrock-bandet Genesis har ein song med namn «The Return of the Giant Hogweed» på albumet Nursery Cryme frå 1971. Den mørke og humoristiske teksten i songen skildrar eit åtak på menneskje utført av kjempebjørnekjeksen.[6]

Krimforfattaren Charlotte MacLeod let Peter Shandy og kollegaene hans etterforska kjempebjørnekjeks i ein fantasiversjon av Wales i romanen Curse of the Giant Hogweed frå 1985.[7]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Heracleum mantegazzianum - Fremmedartslista 2023 - Artsdatabanken», artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 2. april 2024 
  2. «Giant Hogweed Identification». New York State Department of Environmental Conservation. Henta 6. september 2018. 
  3. Parnell, John A. N.; Curtis, T. (2011). Webb's An Irish Flora (8. utg.). Cork University Press. ISBN 978-185918-4783. 
  4. 4,0 4,1 Stace, C. A. (2010). New Flora of the British Isles (3. utg.). Cambridge, U.K.: Cambridge University Press. s. 450. ISBN 9780521707725. 
  5. Elven R; Hegre H; Solstad H; Pedersen O; Pedersen PA; Åsen PA; Vandvik V (5. juni 2018). «Heracleum mantegazzianum, vurdering av økologisk risiko». Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Hentet. Henta 27. mai 2022. 
  6. MA, Dave Eldergill (6. november 2021). «Genesis: The Return of the Giant Hogweed». The Riff (på engelsk). Henta 26. mai 2022. 
  7. «The Curse of the Giant Hogweed by Charlotte MacLeod». 

Litteratur

endre
  • L. Gereraas, I. Salvesen og Å. Viken (red.): Norsk svarteliste 2007 – Økologiske risikovurderinger av fremmede arter. Artsdatabanken Norge 2007.
  • J. Thiele og A. Otte: Impact of Heracleum mantagazzianum on invaded vegetation human activities. I: P. Pysek, M. J. W. Cock og H. P. Ravn: Ecology and management of giant hogweed, Heracleum mantagazziuanum. Kap. 9.

Bakgrunnsstoff

endre