Kjetil Thorsen
Kjetil Trædal Thorsen (fødd 14. juni 1958) er ein norsk arkitekt og professor fødd i Haugesund og oppvaksen på Karmøy. Han er partnar i arkitektfirmaet Snøhetta, som han var med å starta i 1987.[1]
Kjetil Thorsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juni 1958 (66 år) Haugesund sjukehus, Haugesund |
Yrke | arkitekt |
Medlem av | Akademie der Künste Berlin |
Etter fleire år i Tyskland og Storbritannia, starta han utdanninga si som sivilarkitekt ved Technischen Universität Graz i Austerrike. Han har arbeidd hos David Sandved i Haugesund (1981), Espen Tharaldsen (Arbeidsgruppen Hus) i Bergen (1982–1983) og Ralph Erskine i Stockholm (1983–1984).
Thorsen er kjent for å ha bidrege til å teikna byggverk som OL-museet i Lillehammer, Bibliotheca Alexandrina i Egypt og Operahuset i Oslo. Thorsen er professor ved Universität Innsbruck.[2]
Thorsen vart på 50-årsdagen sin i 2008 utnemnd til kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden «for hans innsats for arkitekturen».[3] I 2011 vart han utnemnd til æresdoktor ved NTNU. I 2013 var han tildelt den svenske Prins Eugen-medaljen.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Kjetil Trædal Thorsen», Store norske leksikon. Lest 2. november 2015.
- ↑ «Antrittsvorlesungen internationaler Spitzenarchitekten», Universität Innsbruck. Lest 2. november 2015.
- ↑ «Tildelinger av ordener og medaljer», Kongehuset. Lest 2. november 2015.
- ↑ Prins Eugenmedaljen förlänas den 5 november 2013 Arkivert 2013-11-13 ved Wayback Machine., pressemelding fra Sveriges kongehus, 5. november 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Kjetil Thorsen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2022.