Klassiske bokverk

Klassiske bokverk var ein serie med nynorskomsetjingar av gresk og latinsk litteratur frå antikken. Det var Studentmållaget i Oslo som gav han ut, i lag med Det Norske Samlaget. Til saman kom det ut 26 bøker ifrå 1921 til 1943, men nokre kom i nye utgåver på Samlaget seinare. Desse utgåvene er òg tekne med på lista, sjølv om det ikkje står i bøkene at dei høyrer til serien.

Bokliste endre

  1. Platon: Sokrates’ forsvarstale. Omsett av Eiliv Skard 1921. 2. utg. Forsvarstalen åt Sokrates, 1927 Nb. 3. utg. 1949 Nb. 4. utg. Sokrates' forsvarstale. Omsett av Anfinn Stigen, 1972. 5. utg. 1990.
  2. Catullus: Dikt i utval. Omsett av Erik Eggen og Asgaut Steinnes, 1921 Nb. [2. utg.] omsett av Erik Eggen, Sigmund Skard og Asgaut Steinnes, 1978 Nb. [3. utg.] Eg elskar og hatar, omsett av Torgeir Bygstad, 2011.
  3. Sallust: Jugurtha. Omsett av Eiliv Skard, 1923 Nb.
  4. Platon: Kriton. Omsett av Kristen Rekdal, 1923 Nb. 2. utg. 1934. 3. utg. 1949 ved Eiliv Skard. [4. utg.] Faidon og Kriton. Omsett av Anfinn Stigen, 1973. [5. utg.] 1995.
  5. Tacitus: Folk og seder i Germania. Omsett av Halvdan Koht, 1923 Nb. 2. utg. 1928 Nb.
  6. Sofokles: Antigone. Omsett av Matias Skard, 1923 Nb.
  7. Marcus Aurelius: Tankar. Omsett av Eiliv Skard, 1924 Nb. 2. utg. 1940. Nb.
  8. Cæsar: Gallarkrigen. Fyrste og andre boki. Omsett av Bjarne Svare, 1925 Nb.
  9. Xenofon: Anabasis. Omsett av Olav Rytter, 1925 Nb. 2. utg. 1951 Nb.
  10. Lukian: Eit ordskifte um idrott. Omsett av Eiliv Skard, 1926 Nb. 2. utg. 1992 Nb.
  11. Evripides: Medeia. Omsett av Matias Skard, 1926 Nb.
  12. Flavius Arrianus: Epiktet. Handbok i moral. Omsett av Bjarne Skard, 1927 Nb. 2. utg. Revidert av Ole Jan Borgund, 2008
  13. Plutark: Revolusjonen i Sparta. Omsett av Eiliv Skard, 1927 Nb.
  14. Sofokles: Elektra. Omsett av Matias Skard, 1927 Nb.
  15. Sallust: Catilina. Omsett av Eiliv Skard 1917 Nb.[1] 2. utg. 1928 Nb.
  16. Platon: Faidon. Omsett av S. Dalen, 1928 Nb. [2. utg.] Faidon og Kriton. Omsett av Anfinn Stigen, 1978. [3. utg.] 1995.
  17. Marcus Tullius Cicero: Talen for overkommandoen åt Gneus Pompeius. Omsett av Erling Rykkja, 1929 Nb.
  18. Sofokles: Kong Oidipus. Omsett av Matias Skard, 1930. Nb.
  19. Marcus Tullius Cicero: Om alderdomen. Omsett av Eirik Vandvik, 1931. Nb.
  20. Livius: Marsen over Alpane. Omsett av Erling Rykkja, 1931 Nb. 2. utg. Marsjen over Alpane, 1953 Nb.
  21. Aiskhylos: Agamemnon. Omsett av Eirik Vandvik, 1932 Nb.
  22. Polykarps martyrium. Omsett av Eiliv Skard, 1934 Nb.
  23. Platon: Gorgias. Omsett av Eiliv Skard, 1937 Nb. 2. utg. Omsett av Anfinn Stigen, 1971 Nb. 3. utg. 1989 Nb.
  24. Platon: Gjestebodet. Omsett av Eirik Vandvik, 1939. [2. utg.] Omsett av Anfinn Stigen, 1972. [3. utg.] 1995.
  25. Seneca: Moralske brev til Lucilius. Omsett av Eiliv Skard, 1941 Nb.
  26. Augustin: Confessiones. Omsett av Åsmund Farestveit, 1943 Nb. 2. utg. 1965 Nb. 3. utg. Omsett av Åsmund Farestveit og Hermund Slaattelid, 2009.[2]

Fotnotar endre

  1. Denne utgåva kom ut på eit anna forlag før serien starta, men er teken med sidan omsetjinga frå 1928 er 2. utg. av denne.
  2. I denne utgåva er dei siste fire delane av boka òg omsette.

Kjelder endre