Tørt klima er ein klimatype prega av stor mangel på nedbør. Området med tørt klima får mindre nedbør enn den potensielle evaportranspirasjonen. Dette kjem hovudsakleg av høge temperaturar og få uvêr som fører til regn. Klimatypen utgjer gruppe B i Köppen si klimaklassifisering. Store delar av landområda der vêret ofte er påverka av det subtropiske høgtrykksområdet har tørt klima.

Satellittbilde av Yuma i Arizona, som har tørt klima.

For at klimaet skal vere tørt må det oppfylle visse vilkår:

  • For å finne grenseverdien for nedbøren (i millimeter) kan ein multiplisere den årlege middeltemperaturen i °C med 20, så legge til 280 om 70 % eller meir av den totale nedbøren kjem i det halvåret sola står høgast på himmelen (april-september på nordlege halvkula, oktober-mars på sørlege), eller legge til 140 om 30-70 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden, eller 0 om mindre enn 30 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden.
  • Viss den totale nedbøren er mindre enn halvparten av grenseverdien for tørt klima, vert klimaet klassifisert som ørkenklima. Viss den totale nedbøren er mindre enn grenseverdien, men meir enn halvparten av grenseverdien, vert klimaet klassifisert som steppeklima.

Eit anna ord for tørt klima er «arid», til motsats frå «humid» eller fuktig. I tørre område finn det stad lite utvasking av jordsmonnet, sidan det meste av nedbøren fordampar i staden for å renna gjennom jorda. Det finst nokre aridstrøk i Noreg, som i Nord-Gudbrandsdalen, nokre stader i indre Sogn, Saltdal, Skibotn i indre Troms og i deler av Aust-Finnmark.[1]

Døme

endre

Enkelte ørkenområde på vestkystsida av tropiske eller nær-tropiske område har lågare temperaturar enn andre område på same breiddegrad (på grunn av kalde havstraumar nær kysten). Desse områda har ofte tåke og låge skyer, sjølv om desse områda er blant dei tørraste på jorda med omsyn på nedbørmengdene dei får. Døme på dette finn ein i Lima, Peru og Walvis Bay, Namibia.

Kjelder

endre
  1. «arid». Store norske leksikon (på norsk). 17. juli 2019.