Klippedomen

(Omdirigert frå Klippemoskéen)

Klippedomen (arabisk قبة الصخرة Qubbat As-Sakhrah, hebraisk כיפת הסלע Kippat ha-Sela) er ein muslimsk heilagdom i Gamlebyen i Jerusalem. Han er ein åttekanta bygning med forgylla kuppel som er reist på staden profeten Muhammed skal ha reist til himmelen frå. Bygningen blei opphavleg fullført under omajadekalifen Abd al-Malik, og er med dette eit av dei eldste døma på islamsk arkitektur.[1]

Klippedomen

Stilumajjade-kunst
Kart
Klippedomen
31°46′41″N 35°14′07″E / 31.778055555556°N 35.235277777778°E / 31.778055555556; 35.235277777778
Klippedomen.

Klippedomen er eit kjennemerke for Jerusalem,[2] og er som del av Gamlebyen med på UNESCO si liste over verdsarv, saman med mellom anna Vestmuren (Klagemuren) og Gravkyrkja i nærleiken.[3]

Domen blir ofte omtalt som Klippemoskeen, men er ikkje eigentleg ein moské. Han ligg like ved al-Aqsa-moskeenTempelhøgda, som er den tredje mest heilage staden i islam, etter Mekka og Medina, i tillegg til å vera heilag også for jødar og kristne. Staden han er bygd på husa tidlegare eit romersk tempel til Jupiter Capitolinus, og før dette Det andre jødiske tempelet i Jerusalem. Ifølgje jødisk tradisjon er domen reist over klippa patriarken Abraham ville ofra Isak på.[4]

Bygget blei truleg reist frå 687 til 691. Den opphavlege kuppelen kollapsa i 1016 og blei bygd opp att i 1021.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Slavik, Diane (2001). Cities through Time: Daily Life in Ancient and Modern Jerusalem. Geneva, Illinois: Runestone Press. s. 60. ISBN 978-0-8225-3218-7. 
  2. Goldberg, Jeffrey (29 January 2001). «Arafat's Gift». The New Yorker. Henta 11 July 2015. 
  3. «UNESCO World Heritage». 
  4. Sidsel Wold, – Å bygge et nytt tempel er å be om en katastrofe, NRK.no 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klippedomen