Opna hovudmenyen

Salpetersyre er ei sterk syre med kjemisk formel HNO3. Syra er oksiderande. Smeltepunktet er -42 °C og kokepunktet er 83 °C Nitrata er Salt av salpetersyre. Desse er vassløyselege.

FramstillingEndra

Salpetersyre vert framstilt ved Ostwaldprosessen. Ammoniakk vert nytta som råstoff. Denne vert først oksidert til nitrogenmonoksid og så til nitrogendioksid. For å få salpetersyre vert nitrogendioksid så blanda med vatn. Prossessen har namn etter Wilhelm Ostwald.

BrukEndra

Syra vert brukt som råstoff for framstilling av andre kjemikaliar, kunstgjødsel og sprengstoff, og som reagens.

Konsentrert saltsyre og konsentrert salpetersyre i forholdet tre til ein løyser metall som gull og platina. Denne blandinga er kjend som kongevatn.

Andre sterke syrerEndra