Opna hovudmenyen
Knøttspissmus
Knøttspissmus
Knøttspissmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av Knøttspissmus
Utbreiinga av Knøttspissmus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Eulipotyphla
Familie: Spissmus Soricidae
Slekt: Sorex
Art: Knøttspissmus S. minutissimus
Vitskapleg namn
Sorex minutissimus

Knøttspissmus (Sorex minutissimus) er eit pattedyr i spissmusfamilien, og det minste pattedyret i Noreg. Ho veg opp til fire gram og har ein fire centimeter lang kropp med ein to-tre centimeter lang hale. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest til den russiske stillehavskysten og Japan i aust[1] Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er, då knøttspissmusa er vanskeleg å fanga og lett å oversjå.[2] Ho føretrekkjer våt granskog med mykje mose, men kan òg finnast i myr og i tørr furuskog. Ho er insektetar og kan eta to til fem gonger kroppsvekta si på eit døgn. Ungane blir fødd i mai-august med opp til sju ungar i kvart kull.[1]

FotnotarEndra

KjelderEndra

{{autoritetsdata{{