Know Who You Are
Singel av Slade
frå albumet Play It Loud
B-side

Dapple Rose

Utgjeve 18. september 1970[1]
Sjanger Rock
Lengd 2:53
Selskap Polydor Records
Låtskrivar(ar) Jim Lea, Noddy Holder, Don Powell, Dave Hill
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«The Shape of Things to Come»
(1970)
Know Who You Are «Get Down and Get with It»
(1971)


«Know Who You Are» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1970 som den andre og siste singelen frå det andre studioalbumet deira, Play It Loud. Songen vart skriven av Jim Lea, Noddy Holder, Don Powell og Dave Hill, og produsert av Chas Chandler. Han gjekk ikkje inn på singellista i Storbritannia.

Bakgrunn

endre

Etter debuten i 1969 vart ikkje Beginnings gjennombrotet til bandet, den gongen dei var kjent som Ambrose Slade. Den nye manageren deira Chas Chandler oppfordra dei til å byrja å skriva eige materiale. Han trudde òg at dei ville ha nytte av ein ny utsjånad, og bandet tok på seg eit skinhead-image og dei endra samstundes namnet sitt frå Ambrose Slade til «The Slade» og gav ut den mislykka singelen «Wild Winds Are Blowing» i oktober 1969. «Shape of Things to Come» følgde i mars 1970, men klarte igjen ikkje å gå inn på list. Med dette flytta Chandler bandet frå Fontana til Polydor Records, og trudde eit selskap med høgare profil ville auka salet. Bandet byrja deretter å spela inn materiale for det andre studioalbumet sitt Play It Loud.[2][3]

Polydor-debuten til bandet, «Know Who You Are», kom ut i september 1970, men var òg ein kommersiell fiasko, til liks med Play It Loud då dette vart utgjeve i november. Hovudvokalisten Noddy Holder skreiv i biografien sin frå 1999 om fiaskoen til songen: «Då han ikkje kom på hitlistene, byrja frustrasjonen å setja inn. Vi kunne ikkje forstå kvifor vi ikkje var meir populære då. Vi hadde vore med Chas i to år, vrengde tarmane våre og framleis hadde vi ikkje hatt nokon hit.»[4] Då han snakka til Goodtimes Magazine i 2015, sa bassist Jim Lea: «Vi hadde ingen hittar. Songar som «Know Who You Are» eller «Shape of Things to Come» vart berre spelte svært sjeldan på radio.»[5] Etterpå droppa bandet skinhead-imaget sitt og kom til å slå gjennom med singelen «Get Down and Get with It» frå midten av 1971.[2]

«Know Who You Are» var ei vidareutvikling av sporet «Genesis», som var ein instrumental skriven av bandet og gjeven ut som singel frå Beginnings. Under innspelinga for Play It Loud vitja bandet songen på nytt, med ein tekst av trommeslagaren Don Powell. I biografien sin frå 2013 sa Powell: «'Know Who You Are' er det same som den gamle instrumentalen vår 'Genesis', så Nod og Dave blir kreditert for han, så vel som Jim og meg sjølv. Eg skreiv teksten for han og noko av han handlar om Dave. Eg veit ikkje korleis det vart til, men den første linja eg kom på var 'H, old babe, sing a song to make out that your playing is easy'.»[6]

Utgjeving

endre

«Know Who You Are» vart utgjeven på 7"-vinyl av Polydor Records berre i Storbritannia.[7][1] B-sida, «Dapple Rose», vart skrive av Lea og Powell og kom òg ut på Play It Loud. Powell snakka om teksten hans i eit fanforumintervju i 2009: «Eg har alltid hatt ein forkjærleik for hestar, og der eg budde hos foreldra mine var det nokre åsar bak og det var alltid sigøynarar som campa der. Dei pleidde å ha desse hestane og esla, og dei såg alltid daude ut for meg. Dei vart ikkje varetatt, noko som var trist.»[8]

Etter mangelen på suksess vart «Know Who You Are» raskt sletta av Polydor og har sidan vorte eit samlarobjekt. Rare Record Price Guide frå 2014 verdsette singelen til £80.[9] Songen fekk seinare større heider då ein liveversjon vart inkludert på Slade Alive!, som vart det første hitalbumet til bandet då det kom ut i 1972.[10] I tillegg vart den originale studioversjonen inkludert på samlealbumet Sladest i 1973,[11] som toppa dei britiske hitlistene.[12]

Marknadsføring

endre

Bandet dukka opp på det britiske showet Disco 2 for å framføra «Know Who You Are» og Play It Loud-sporet «Sweet Box». Framsyninga vart send 31. oktober 1970.[13] Berre nokre få framsyningar frå showet er kjend for å overleva, og framferda til Slade har ikkje blitt vist sidan den opphavlege sendinga.[14] Bandet framførte òg songen under ei innspeling for BBC omtrent samtidig.[15]

Innhald

endre
7"-singel
  1. «Know Who You Are» - 2:53
  2. «Dapple Rose» - 3:31

Mottaking

endre

Ved utgivinga sa New Musical Express: «Ein kraftig sak frå skinhead-gruppa som debuterer for Polydor. Teksten blir kraftfullt levert, nesten snerra til tider. Det er eit hardtslåande stykke filosofi med ein bevegeleg beat, som eksploderer til ein lydvegg i tittelknaggen. Insisterande og gripande, men med avgrensa appell.»[16] Record Mirror følte at songen hadde «listesjanse» og kommenterte: «Chas Chandler, eks-Animal-bassist, uttaler kategorisk at denne gruppa vil gjer det stort. Men så har han sagt det før. Om Jimi Hendrix. For ei stund tapt i skinhead-miljøet er denne gruppa i utgangspunktet mest musikalsk. Dette er ein merkeleg, staccato-aktig produksjon...røysta er av bly som i bovver-støvlane. Det er naken enkelheit bak. Effekten er veldig bra. Tok nesten livet av meg.»[17]

I ei melding av Play It Loud skreiv New Musical Express: «Aggressiv - det er det musikken og vokaliseringa til Slade ser ut til å vera, sjølv om dei varierer volumet med stor dugleik, til tider stille, deretter skrur dei opp og ropar til lyttaren som på «Know Who You Are».[18] Joe Viglione i Allmusic sa seinare: «'Know Who You Are' er vedunderleg her. Bandet stikk handa ned i Yardbirds-posen igjen på denne originalen. Då han kom ut på nytt på Slade Alive, berre to år seinare, vart songen ein del av glamsuksessen deira. Men her blir Noddy Holder halde i ro av Chas Chandler, og den tilbakehaldenheita gjev eit intelligent rockealbum som hentar frå alle dei nemnde kjeldene, Ten Years After, Sabbath, The Move, Yardbirds, og dessutan The Beatles, Steppenwolf og Kaleidoscope UK[19] Dave Swanson frå Ultimate Classic Rock skreiv: «Songen startar side to og er framleis ein av dei beste songane til bandet nokosinne. Det syner bandet godt på veg til den definitive stilen sin, og er ein Slade-klassikar lasta med den dynamiske spenninga bandet ville utforska i større suksess i løpet av det neste året.»[20]

I ei melding av Slade Alive!, skildra Stephen Cook frå AllMusic songen som «MC5-aktig».[21] I ei melding av Sladest sa Gramophone: «Historikarane vil sikkert bli begeistra når dei høyrer dei første innspelingane deira for Fontana-etiketten og deira første Polydor-innspelingar, som 'Know Who You Are'...»[22] Terry Staunton frå Record Collector uttalte: "I tillegg til hitane dei allereie hadde samla, viser albumet nokre av dei som slapp unna, til dømes den Quo-liknande boogien til «Know Who You Are».[23]

Medverkande

endre
Slade
Andre medverkande

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Slade - Know Who You Are / Dapple Rose - Polydor - UK - 2058 054». 45cat. Henta 8. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 Beginnings/Play It Loud - 2006 Salvo remaster booklet liner notes
  3. Charlesworth, Chris (1984). Slade, Feel the Noize!: an illustrated biography. London: Omnibus Press. s. 31. ISBN 0-7119-0538-X. 
  4. Verrico, Lisa; Holder, Noddy (15. desember 2010). Who's Crazee Now?: My Autobiography - Lisa Verrico, Noddy Holder - Google Books. ISBN 9781446407431. Henta 8. oktober 2021. 
  5. Ian Edmundson. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 1. oktober 2017. Henta 8. oktober 2021. 
  6. Powell, Don; Falkenberg, Lise Lyng (11. oktober 2013). Look Wot I Dun: Don Powell of Slade - Don Powell, Lise Lyng Falkenberg - Google Books. ISBN 9781783230006. Henta 8. oktober 2021. 
  7. «ALL Diskografi». Collectadisc.co.uk. Henta 8. oktober 2021. 
  8. «Don Powell interviews». Donpowellinterviews.blogspot.co.uk. Henta 8. oktober 2021. 
  9. Record Collector - Rare Record Price Guide 2014. Diamond Publishing Group Ltd. 2012. ISBN 978-0956063946. 
  10. AllMusic Review by Stephen Cook. «Slade Alive! - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 8. oktober 2021. 
  11. AllMusic Review by Paul Tinelli. «Sladest - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 8. oktober 2021. 
  12. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 8. oktober 2021. 
  13. «Slade Timeline 1970 Slade In England». Sladeinengland.co.uk. Henta 8. oktober 2021. 
  14. http://urthepob.byethost24.com/rock/RockOnTV70.html
  15. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 9. mars 2018. Henta 8. oktober 2021. 
  16. New Musical Express - 19. september 1970 - Singles reviews
  17. Record Mirror - 26. september 1970 - Singles reviews
  18. New Musical Express - 19. desember 1970 - Platemeldingar
  19. AllMusic Review by Joe Viglione. «Play It Loud - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 8. oktober 2021. 
  20. «45 Years Ago: Slade Turn Things Up a Notch With 'Play It Loud'». Ultimateclassicrock.com. 28. november 2015. Henta 8. oktober 2021. 
  21. AllMusic Review by Stephen Cook. «Slade Alive! - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 8. oktober 2021. 
  22. «Gramophone - Google Books». 7. oktober 2010. Henta 8. oktober 2021. 
  23. «Sladest - Record Collector Magazine». Recordcollectormag.com. 26. mai 2011. Henta 8. oktober 2021.