Knut Blom
Knut Blom (14. februar 1916–6. februar 1996) var ein norsk jurist, advokat og høgsterettsdommar. Han var medlem av Høgsterett frå 1968 til 1986.
Knut Blom | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. februar 1916 Christiania |
Død |
6. februar 1996 (79 år) |
Yrke | dommar |
Ektefelle | Ådel Gjøstein Blom |
Knut Blom på Commons |
Blom var fødd i Kristiania (Oslo). Han tok examen artium i 1934, og blei cand.jur. i 1939. Han blei tilsett som fullmektig hos Carl Fridtjof Rode i Melbu same året, og overtok advokatkontoret då Rode blei kalla inn til militærteneste kort tid etterpå. Frå 1940 til 1942 var Blom dommarfullmektig i Jæren heradsrett, og frå 1942 var han advokatfullmektig hos Sven Arntzen, frå 1947 partner. Under den tyske okkupasjonen var Blom eit sentralt medlem av leiinga av Heimefronten.[1]
Blom arbeidde som advokat til 1968, og var forsvarar i Oslo byrett 1953 til 1956, Eidsivating lagmannsrett 1956-1965 og Høgsterett 1965 til 1968. Frå 1968 til han gjekk for aldersgrensa i 1986 var han høgsterettsdommar.[1] Han skreiv juridiske fagbøker, mellom anna Sakførerens rettslige Ansvar (1947) og Prisloven med kommentarer (1954).
Han blei dekorert med Deltakarmedaljen og i 1978 mottok han St. Olavs Orden. Han døydde i Oslo.[1]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Michelsen, Hans. Helle, Knut, red. Knut Blom. Norsk biografisk leksikon (Oslo: Kunnskapsforlaget). Henta 20 September 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Knut Blom» frå Wikipedia på bokmål, den 26. august 2011.