Knut Horvei

Norsk dramatikar og romanforfattarar

Knut Horvei (27. mars 189330. mars 1984) var ein norsk gardbrukar og forfattar frå Evanger i Hordaland. Han gav ut 18 bøker, både skodespel, romanar og dikt.

Knut Horvei
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. august 1893
Død

30. mars 1984 (90 år)

Yrke bonde, romanforfattar

Horvei overtok garden Horvei på Bolstadøyri etter foreldra og budde der det meste av livet. Han var aktiv i ungdomslagsmiljøet, formann i Bolstadøyri Ungdomslag 1910–23. Åra kring 1920 hadde han nær kontakt med lyrikaren Olav Nygard, ei lærerik tid for Horvei.

Etter å ha arbeidd med litt sølvreval i heimbygda, reiste han til Aust-Europa og dreiv pelsdyrfarmar i Estland, Litauen, Polen. Han tente godt ei tid, men i det såkalla pelsdyrkrakket etter 1930 miste han alt og kom heim til Evanger utan midlar. Sidan budde Horvei på garden sin i heimbygda livet ut.

Forfattaren Horvei debuterte i 1920 med stykket Kristen, eit drama innafor nynorsk amatørteaterstil. Fyrste stykket på scene, vart det konvensjonelle problemdramaet Vigdis frå 1966. Det vart sett opp samtidig i Radioteatret og som turnéteater på Den Nationale Scene. Hjallarbrui, med sjangernemninga «draumspel», vart sett opp på Den Nationale Scene 1973 og av Sogn og Fjordane Teater i 1983, etter å ha vorte omarbeidd og regissert av Anne Gullestad.

Den forteljande prosaen til Horvei står nær folkedikting og munnleg bygdetradisjon. Forteljingane har ein episk struktur som fører tankane til eventyr, saga og ikkje minst folkevisene, balladen. Dei vekte lite merksemd, all den stund samtidas forventingar til norske romanar vende seg mot det psykologisk-realistiske, forteljingar lesaren kunne kjenne seg att i.

Kjelder endre