Kolgrim litle (norrønt: Kolgrímr litli) var ein islandsk skald som levde på 1000-talet og er omtala i islendingesogene.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Liv og skaldskap endre

Det som er kjend om livet til Kolgrim, finst i «Tåtten om Torgrim Hallbjørnsson og Bjarne Gullbråskald»[1]. Han kom til Noreg om bord på skipet til islendingen Torgrim Hallesson. Det var fleire namngjevne menn med på ferda, to islandske menn, Bjarne Gullbråskald og Tord, som begge var sønene til Hallbjørn frå Laxárdalu, Illuge som var son til Torgrim, og ein stor og sterk kar som vart kalla Galte. Kolmgrim blir omtala som liten (litli) men kvikk (fráligr).

Slik det blir fortalt i soga, kom dei til Noreg då kong Magnus den gode var i Danmark og det var Kalv Arnesson som hadde mest å seie i Trondheimen. Han baud islendingane til seg og dei var hjå han den vinteren. Så hende det at Bjarne Gullbråskald sa fram eit dikt til Kalv, der han tala rosande om han fordi han hadde kjempa mot kong Olav den heilage. Torgrim Hallesson likte dette ille og han drap Bjarne. På eit tingmøte skal Kalv Arnesson ha lyst Torgrim fredlaus for ugjerninga, og Tord Hallbjørnsson tok då straks hemn og drap Torgrim. Straks tok Kolgrim litle hemn for dét drapet, han treiv ei øks og gav Tord banehogg i ryggen.

Kalv Arnesson lét då Kolgrim legge i lekkjer og ville at han skulle drepast, dersom Tord ikkje overlevde. Ikkje lenge etter kom kong Magnus attende frå Danmark, og samstundes døydde Tord av såret.

Det gjekk då slik til at Kolgrim baud seg til å gjere eit kvad om Olav den heilage, om han fekk leve, og kong Magnus let han dermed behalde livet. Seinare gjorde Torgrim ei pilgrimsreise, og etter han var heimkomen «reiste han mellom landa» og vart kjent som ein god kjøpmann.

Det einaste diktet som er kjent etter Kolgrim litle, er litt av dette kvadet som han gjorde om kong Olav den Heilage:

Herstillis þarfk hylli.
Hölf eru völd und Kalfi
Fyrstens velvilje no eg treng
Halve makta er i Kalvs hender

Feil kronologi endre

Strofene ovanfor skulle tyde på at det er ein kjerne av sanning i det som blir fortalt i «Tåtten om Torgrim Hallbjørnsson og Bjarne Gullbråskald». Hendinga kan likevel ikkje ha skjedd på den tida då Magnus den gode var konge, for Bjarne Gullbråskald må ha vore i live på eit langt seinare tidspunkt og døydde truleg ikkje før omkring 1050.

Kalv Arnesson kom tidleg i usemje med kong Magnus den gode og rømde til Orknøyane, der han var lenge hos Torfinn Sigurdsson jarl. Bjarne Gullbråskald gjorde diktet «Kalvsflokk»[2] til Kalv Arnesson, der han mellom anna skildrar korleis Kalv i året 1045 var med Torfinn jarl i striden mot brorsonen Ragnvald Brusesson jarl. Etter den tida, etter at kong Mangus døydde i 1047, kom Kalv Arnesson attende til Noreg, og då var Harald Hardråde blitt einekonge.

Alt talar for at sogeforfattaren tok feil, både av tida og kven som var konge i Noreg, då drapa skjedde, og at det i røynda var kong Harald Hardråde som gav grid til Kolgrim litle. Ein konsekvens blir då at «fyrsten» i strofa ovanfor, må ha vore kong Harald.

Referansar endre

  1. Fortællingen om Torgrim Halleson og Bjarne Guldbrynsskjald på heimskringla.no
  2. Kálfsflokkr Arkivert 2016-10-02 ved Wayback Machine. av Bjarne Gullbråskald (frå Skaldic Poetry]

Bakgrunnsstoff endre