Komponisten James Oswald
James Oswald (21. mars 1710–2. januar 1769) var ein skotsk komponist, cellist og musikkforleggjar. Han blei utnemnd til Chamber Composer for kong Georg III, og skreiv og gav ut fleire skotske folketonar.[1][2]
James Oswald | |||
Fødd | 21. mars 1710 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. januar 1769 (58 år) | ||
Dødsstad | Knebworth | ||
Opphav | Kongeriket Storbritannia, Storbritannia | ||
Instrument | cello | ||
Verka som | komponist, arrangør, cellist, forleggjar, bokhandlar, noteforlag, skribent, livestock and dairy producers |
Liv
endreOswald var fødd i Crail aust i Skottland i 1710, og blei døypt 21. mars. Han døydde i Knebworth i Hertfordshire den 2. januar 1769.[3] Som ung verka han i Dunfermline i Fife som musikar og dansemeister. Gjennom heile karrieren heldt han på ei interesse for skotsk tradisjonsmusikk. Han komponerte også verk i såkalla galant stil.
I 1741 drog han frå Edinburgh då han rømte til London med Mary Ann Melvill. Diktaren Allan Ramsay skreiv sorgfullt om han i «An Epistle to James Oswald». Paret fekk sitt fyrste barn i 1742 og gifta seg 12. februar 1744 i St. James's Church i Piccadilly. Dei fekk tre døtrer.[4] I London sette Oswald etter kvart opp sitt eige forlag og gav ut Caledonian Pocket Companion, ei samling skotske folketonar, nokre av dei med hans eigne variasjonar. Det kom ut 12 band av verket, og det blei gjeve ut i fleire opplag.
Som mange andre komponistar som har verk i Wighton Collection i Dundee var Oswald medlem av The Temple of Apollo, eit hemmeleg musikalsk selskap av komponistar i London. Andre medlemmar var mellom andre Thomas Erskine, 6. jarlen av Kellie, John Reid og Charles Burney.
Kona til Oswald, Mary Ann, døydde i 1756. Han gifta seg opp att med Leonora Robinson Lytton etter at ho blei enkje i 1762.[5]
Verk
endreOswald skreiv variasjonar av kjende skotske folketonar og arrangert dei for fele. Han komponerte også sine eigne låtar i same sjanger. Han gav ut kammermusikk under kunstnarnamnet Dottel Figlio.[6] Han gav ut ein Collection of Minuets i Edinburgh i 1736 og ein Curious Collection of Scots Tunes i 1740.
Seinare gav han ut ei samling av tysk militærmusill, 40 Marches, Tattoos and Night Pieces for two German flutes, violins or guittars as performed by the Prussian and Hessian Armies.
Han blei utnemnd til Chamber Composer av Georg III i 1761, då George blei konge.[7] Sidan mange av verka hans blei skrivne anonymt, er ikkje alle blitt identifiserte.
Nokre av dei mest merkverdige verka til Oswald er to sett av 'Airs for the Seasons', kring 96 komposisjonar i alt, som kvar har namn etter ein ulike blome eller busk, og er tillagt ei passande årstid. Dei kan spelast på fiolin (fløyte, obo) og cello, med annanfiolindelar for 12 av dei slik at dei kan spelast som trioar. I Wighton Collection i Dundee er det eit manuskript for «Airs for Autumn» i komponisten si eiga handskrift.
Utvalde utgjevne verk
endre- Caledonian Pocket Companion – being a collection of the most favourite Scotch tunes for the German flute (12 books), by James Oswald, (c. 1760); OCLC 895953938
- Books 1–6, online via Internet Archive (copy: National Library of Scotland)
- Books 1–8, online via Internet Archive (copy: Western Libraries, University of Western Ontario)
- London: Printed for the author at his music shop on the pavement St. Martin's Church Yard
- Book 2, online via National Library of Scotland
- London: Printed for the author at his music shop on the pavement St. Martin's Church Yard
- Books 7–12, online via Internet Archive (copy: National Library of Scotland)
- London: Printed for R. Bremner, opposite Somerset House, Strand
Kjelder
endre- ↑ David Johnson and Heather Melvill, "Oswald, James". Grove Music Online. Accessed March 15, 2012.
- ↑ "James Oswald (1711–1769)". Oxford Dictionary of National Biography. Accessed March 15, 2012.
- ↑ David Johnson and Heather Melvill, "Oswald, James". Grove Music Online. Accessed March 15, 2012.
- ↑ Purser, John (2019), A Champion of Scottish Musical Genius, The National, Monday 18 November 2019, pp. 20 & 21
- ↑ Purser, John (2019), Remarkable Scot's Royal Approval, The National, 25 November 2019, p. 21
- ↑ David Johnson and Heather Melvill, "Oswald, James". Grove Music Online. Accessed March 15, 2012.
- ↑ David Johnson and Heather Melvill, "Oswald, James". Grove Music Online. Accessed March 15, 2012.
- Denne artikkelen bygger på «James Oswald (composer)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- A collection of digitised scores by James Oswald can be found at the Five Centuries of Scottish Music collection hosted by AHDS Performing Arts
- Modern editions of Oswald's Eighteen Divertimento's for two Guitars or two Mandolins and Twelve Divertimentis for the Guittar can be found at the Mandotopia website.
- Fritt tilgjengelege notar av Komponisten James Oswald ved International Music Score Library Project (IMSLP)