Komponisten William Wallace
William Wallace (3. juli 1860–16. desember 1940) var ein skotsk komponist, lærar, forfattar og kunstmålar. Han høyrer til dei viktige romantiske komponistane frå Skotland.
Komponisten William Wallace | |||
Fødd | 3. juli 1860 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Greenock | ||
Død | 16. desember 1940 (80 år) | ||
Dødsstad | Malmesbury | ||
Opphav | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Sjanger | opera | ||
Verka som | øyelege, komponist, musikkteoretikar, kirurg, musikkpedagog, lyrikar, skodespelforfattar, kunstmålar, militær | ||
Mor | Mary Cecilia Williamson | ||
Far | James Wallace | ||
Gift med | Ottilie Maclaren Wallace |
Wallace var ein romantisk/klassisk komponist som var fødd i Greenock i Skottland. Han studerte fyrst oftalmologi på universiteta i Glasgow, Wien og i Paris, men studerte deretter komposisjon ved Det kongelege musikkonservatoriet i London, der han seinare òg blei lærar i komposisjon. Wallace skreiv ein symfoni, 6 symfoniske dikt, orkesterverk, suitar, ouverturar og anna. Han var sterkt påverka av Franz Liszt, og var ein tidleg komponist av symfoniske dikt i Storbritannia.
Han var òg forfattar av litterære verk og kunstmålar.[1] Han skreiv fleire musikkbøker.
Under fyrste verdskrigen gjorde Wallace teneste i dei oftalmiske einingane i Eastern Command, med rang som kaptein.[2]
Wallace var gift med bilethoggaren Ottilie Maclaren Wallace. Dei møtte kvarandre på 1890-talet og blei hemmeleg trulova i 1896, men kunne fyrst gifta seg 11. april 1905.[3]
Verk i utval
endreOrkesterverk
endre- 1891 – An American Rhapsody
- 1891 – A Scots Fantasy
- 1891–92 – Suite in A, The Lady of the Sea (urframført ved Stock Exchange Orchestral Society, London, 18. februar 1892)
- 1892 – The Passing of Beatrice, symfonisk dikt [No.1] (urframført ved Crystal Palace, London, 26. november 1892)
- 1893 – Prelude to The Eumenides (urframført ved Crystal Palace, London, 21. oktober 1893)
- 1894 – In Praise of Scottish Poesie, konsertouverture (urframført ved Crystal Palace, London, 17. november 1894)
- 1896 – Amboss oder Hammer, symfonisk dikt [No.2] (urframført ved Crystal Palace, London, 17. oktober 1896) (lost)
- 1898 – Asperges, symfonisk dikt (ufullendt)
- 1898 – The Covenanters, symfonisk dikt (ufullendt)
- 1898 – The Forty-Five, symfonisk dikt (ufullendt)
- 1896–99 – The Creation, symfoni (urframført ved The Tower, New Brighton, 30. juli 1899)
- 1899 – Sister Helen, symfonisk dikt [No.3] (urframført ved Crystal Palace, London, 25. februar1899)
- 1900–01 – Greeting to the New Century, symfonisk dikt [No.4] (urframført ved Queen's Hall i London, 27. mars 1901)
- 1905 – William Wallace AD 1305–1905, symfonisk dikt [No.5] (urframført ved Queen's Hall i London, 19. september 1905)
- 1909 – Villon, symfonisk dikt [No.6] (urframført ved Queen's Hall, London, 10. mars 1909)
- Annie Laurie
Kor- og vokalverk
endre- 1886–88 – A Festival Mass, for kor og orkester
- 1890 – Lord of Darkness, scena for baryton og orkester (urframført ved Royal Academy of Music, London, 1890)
- 1896 – The Rhapsody of Mary Magdalen, for sopran og orkester (urframført ved Queen's Hall, London, 15. desember 1896)
- 1899 – Freebooter Songs, for baryton og orkester (fp. The Tower, New Brighton, 30. juli 1899)
- 1900 – Jacobite Songs, for røyst og orkester
- 1908 – The Outlaw, ballade for baryton, (valfritt) mannskor og orkester
- 1910 – The Massacre of the Macpherson, burlesk ballade for mannskor og orkester (urframført ved Leeds Musical Union, 1910)
- Keholeth, symfoni for kor og orkester (ufullendt)
Opera
endre- 1896 – Brassolis, lyrisk tragedie i ei akt
Teatermusikk
endre- 1896 – Romeo and Juliet
- 1897 – Pelléas et Mélisande (suite urframført ved The Tower, New Brighton, 19. august 1900)
Bøker
endre- The Threshold of Music: An Inquiry into the Development of the Musical Sense (1908)
- The Musical Faculty (1914)
- Richard Wagner as he lived (1925)
- Liszt, Wagner and the Princess (1927)
Kjelder
endre- ↑ «William Wallace (1860-1940) on Hyperion Records», Hyperion Records (på engelsk), henta 1. juli 2023
- ↑ Music Web International
- ↑ Purser, John. "The tragic silence of composer William Wallace" in The National, 4 November 2016
- Denne artikkelen bygger på «William Wallace (komponist)» frå Wikipedia på dansk, den 1. juli 2023.
- Denne artikkelen bygger på «William Wallace (Scottish composer)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2023.