Kongedømet Bayern
Kongedømet Bayern (tysk Königreich Bayern) var ein tysk stat som eksisterte frå 1806 til 1918. Kurfyrsten Maximilian I Josef av Huset Wittelsbach var den første kongen av Bayern i 1806. Monarkiet vart halde av Wittelsbach-familien fram til kongedømet vart oppløyst i 1918. Det meste av dagens moderne grenser rundt Bayern vart oppretta etter 1814 med Paristrakataten der Bayern måtte avstå Tirol og Voralberg til Det austerrikske keisardømet, medan dei sjølv fekk Aschaffenburg og delar av Hessen-Darmstadt. Som ein stat i Det tyske keisardømet var kongedømet det nest største etter Kongedømet Preussen. Etter samlinga av Tyskland i 1871 har Bayern vore ein del av Tyskland.
Königreich Bayern Kongedømet Bayern | |||||
Medlem av Rhinforbundet (1806-13) Medlem av Det tyske forbundet (1815-66) Medlem av Det tyske keisardømet (1871-1918) | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Nasjonalsong Königsstrophe | |||||
Kongedømet Bayern i Det tyske keisardømet. | |||||
Hovudstad | München | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Konge | |||||
- 1806-1825 | Maximilian I (første) | ||||
- 1913-1918 | Ludvig III (siste) | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1. januar 1806 | ||||
- Lagt ned | 7. november 1918 | ||||
Valuta | Bayersk gulden > Goldmark (1873-1914) Papiermark (frå 1914) |
Denne geografiartikkelen som har med historie og Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.