Kongsnes ferjekai
Kongsnes ferjekai er eit tidlegare ferjeleie på austsida av Lånefjorden i Høyanger kommune i Vestland. Frå Kongsnes gjekk ferjesambandet Kongsnes-Måren-Nordeide.
Kongsnes ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Opna | 1970 | ||
Som del av | Kongsnes-Nordeide | ||
Tilknytt | 55 | ||
Stad | Lånefjorden | ||
Kommune | Høyanger kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Overtok for | Hella-Nordeide | ||
Erstatta av | Høyangertunnelen | ||
Kongsnes ferjekai 61°10′28″N 6°12′48″E / 61.174364945918°N 6.2132283628692°E |
Ferjeanlegget opna i 1970 som ledd i å betre knyta Sunnfjord og Ytre Sogn til Indre Sogn. Ferjekaia låg midtvegs langs fjorden, mellom Låne inst inne og sjølve Kongsneset heilt ute i fjordmunningen. På denne tida var det bygd samanhengande veg mellom Dragsvik i gamle Balestrand kommune og vestover forbi med tunnel Kongsnestunnelen gjennom Kongsneset og innover fjorden til ferjekaia, medan det var veglaust inn til Låne og gardane på vestsida av Lånefjorden.
Utpå 1970-talet vart det bygd veg vidare til Låne, og i 1982 opna Høyangertunnelen. Med dette vart ferjesambandet nedlagt.
Ferjekaia har sidan fått ferjelemmen demontert og fundamentet fjerna, og med dette er området i stor grad attendeført til naturen. Utstikkarkaia står att intakt og er ikkje i bruk.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Balestrand-Kongsnes med ferje til Nordeide» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Høyangertunnelen - Nord-Europas lengste vegtunnel i 1982» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.