Kornsporv

art av sporvefuglar

Kornsporv (Emberiza calandra) er ein 19 cm lang fugl i busksporvfamilien. Kornsporv er ein brunleg, tjukkvoren fugl kjenneteikna av at han flyg med føtene hengjande ned. Ein ser han ofte sitjande på ein stolpe eller ei line.[2]

Kornsporv
Emberiza calandra Songen til ein kornsporvhann
Emberiza calandra
Songen til ein kornsporvhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: RE Regionalt utdøydd[1]Omtrentleg geografisk utbreiing av kornsporv ██ Hekkeområde ██ Held til heile året ██ Overvintrar
Omtrentleg geografisk utbreiing av kornsporv

██ Hekkeområde ██ Held til heile året

██ Overvintrar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Emberiza
Art: Kornsporv E. calandra
Vitskapleg namn
Emberiza calandra

Kornsporv lever hovudsakleg som standfugl, men fuglar i kalde strøk kan trekka til varmare område om vinteren. Kornsporv finst frå Kanariøyane i vest og til Iran og Irak i Asia, med bestandar i store delar av Europa og Nord-Afrika. Tap av habitat har ført til kraftig tilbakegang i Nordvest-Europa, og han er no rekna som utrydda i Irland og Noreg.[1][3]

Teikning av kornsporv
Egg av kornsporv

Leveområde

endre

Kornsporv held til i opent lende med tre, gjerne nær dyrka mark eller i opne ugrasområde. Intensivt jordbruk har ført til mindre tilgang på frø og insekt, og har gjeve arten tilbakegang fleire stader.[4] I Storbritannia arbeider ein aktivt for å stoppa nedgangen ved å oppmuntra bønder til å leggja betre til rette for kornsporv og andre gardsfuglar.[5]

På Irland var kornsporv tidlegare utbreidd, men siste hekking der blei påvist i 1992.[3] I Noreg har kornsporv hekka på Jæren i Rogaland og på Lista i Vest-Agder.[6] På 1970-talet hadde ein dei siste teikna på hekking i Noreg, og arten er dermed blitt rekna som utrydda. På 2000-talet fekk ein påvist hekking på Jæren att, men ikkje av mange nok fuglar eller i nok samanhengande år til at ein kunne rekna arten som gjenetablert.[1]

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av kornspurv Emberiza calandra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. Corn bunting ved rspb.org
  3. 3,0 3,1 BIODIVERSITY THAT HAVE BECOME EXTINCT IN IRELAND, noticenature.ie, Department of the Environment, Heritage and Local Government (Ireland); Call for action for Irish birds, October 24, 2008, Surfbirds News
  4. Corn buntings and cereal harvesting on the Uists ved rspb.org.uk; Corn Bunting Solution Testing ved rspb.org.uk
  5. Corn bunting BAP report ved rspb.org.uk; Farming for birds ved naturalengland.org.uk
  6. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.