Europaveg 136
Europaveg 136 | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Ålesund – Dombås | |||
Informasjon | |||
Lengd | 176,4 km | ||
Status | riksveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Europaveg 136 (E136) er ein europaveg som går frå Ålesund gjennom Romsdalen til Dombås der han møter E6. Mellom Spjelkavik (Ålesund kommune) og Brastad/Skorgenes (i Vestnes) følgjer han same trasé som E39. Vegstrekninga heitte tidlegare europaveg 69, før stamvegreforma 1992 gjorde han til stamvegen riksveg 9. Kring 2000 fekk han på ny europavegstatus.
Heile traseen går såleis: Ålesund sentrum, Spjelkavik, Sjøholt, Kjelbotnen (Vestnes), Vikebukt, Åndalsnes, Romsdalen, Lesja, Dombås. Lengda til vegen (bortsett frå felles trasé med E39) er 176,4 km, der 115,6 km i Møre og Romsdal og 60,8 km i Oppland. Ved Horgheim i Romsdalen passerer det i gjennomsnitt 1800 køyretøy i døgnet, av dette 25 % tungtransport. Ved Bjorli passerer om lag 1600 køyretøy, 26 % tungtransport. I juli er døgntrafikken opp mot 3500 køyretøy, medan den i januar er ned mot 1100.[1]
Kommunar og knutepunkt
endre- Fv390 Ivar Aasens gate, frå Ålesund sentrum (Skutvika) til Slinningen (4,8 km)
- Notenesgata/Korsegata → Hurtigruta, biler kan takast med.
- Fv395 Røysegata til Fv399 Nørvegata (2,3 km)
- Ålesund, til Ålesund lufthamn, Vigra
- Fv399 Nørvegata frå Nørvevika til Åse
- Sørnestunnelen (236 m)
- Fv399 Borgundvegen nord til Nørvevika
- Nørvasundbrua (ca. 90 m)
- Fv399 Borgundvegen sør til Åse
- Skuggetunnelen (190 m)
- Fv398 Lerstadvegen frå Lerstad til Ytterholen
- Hatlaåstunnelen (323 m)
- Fv399 Borgundvegen, Åse
- Fv396 Borgundfjordvegen frå Åsestranda til Nedregården
- Fv111 Borgundvegen frå Spjelkavik til Brusdal
- Breivika/Spjelkavik, felles trasé til Kjelbotnen, Fv392 til Fv398 Lerstadvegen (0,2 km)
- Fv110 til Brusdalsvegen og til 661 Digernes, Fv398 Lerstadvegen
- Fv104 frå Sjøholt til 661 Skodjevåg i Skodje (8,5 km)
- 650 Sjøholt
- Fv103 frå Gjerde til 650 Giskemo (1,5 km)
- Fv163 frå Brastad til Vikebukt
- frå Remmem mot Vestnes–Molde → i Gjemnes
- Tresfjordbrua (over Tresfjorden, 1290 m)
- Tresfjordbrua bomstasjon
- Fv163 frå Vikebukt til Brastad
- Hjelviktunnelen (320 m)
- Fv170 Straumsvegen frå Øygarden til Våge (4,7 km)
- Fv170 Våge
- Vågstrandstunnelen bomstasjon
- Vågstrandstunnelen (3706 m)
- Måndalstunnelen (2080 m)
- Fv171 frå Sæbø i Måndalen til Voll (6,5 km)
- Fv171 Voll
- Fv173 frå Vik i Innfjorden til Berill (7,3 km)
- Innfjordtunnelen (6594 m)
- Veblungsnes
- Fv174 Gryttenvegen frå Raumabrua til 63 Soggeberget (4,7 km)
- Raumabrua (ca. 140 m)
- 64 Åndalsnes
- 63 Sogge bru
- Halsatunnelen (140 m)
Referansar
endre- ↑ Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
endre- European Agreement on Main International Traffic Arteries (AGR) 14 mars 2008 (PDF, offisiell E-vegliste byrjar på s. 14)
- UNECE sitt oversiktskart over alle europavegane