Kraków

(Omdirigert frå Krakau)


Kraków (tysk og tidlegare norsk Krakau) er ein by i Polen og hovudstaden Veslepolske voivodskap i Polen. Han ligg ved elva Wisła og har ei historie som går tilbake til 600-talet.[1] Kraków blir rekna som ein av dei vakraste byane i Europa og står som følgje av dette og den rike historia på UNESCO si verdsarvliste.[2]

Kraków
Utsyn mot marknadsplassen
Utsyn mot marknadsplassen
Utsyn mot marknadsplassen
Flagget til Kraków Byvåpenet til Kraków
Flagget til Kraków Byvåpenet til Kraków


Plassering
Kraków is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Veslepolske
Byrettar 5. juni 1257
Borgarmeister Jacek Majchrowski
Geografi
Flatevidd
 - By

327 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)

756 757
Koordinatar 50°3′41″N 19°56′18″E / 50.06139°N 19.93833°E / 50.06139; 19.93833
Høgd over havet 219 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 30-024 til 31-962
Telefon-retningsnummer +48 12
Bilnummer KR
Nettstad: www.krakow.pl

Byen har no 755 000 innbyggjarar (2006), men storbyområdet Kraków-Tarnów bur det 1,403,247 innbyggjarar.[3] Byen var hovudstad i Polen frå 1038 til 1596, hovudstaden i Storhertugdømet Kraków frå 1846 til 1918, og hovudstaden i Kraków voivodskap frå 1300-talet til 1999.

Kraków har tradisjonelt vore eit av dei viktigaste sentera for polsk vitskap, kultur og kunst. Med status som tidlegare hovudstad i nasjonen og ei soge som går over tusen år bakover i tid er byen det spirituelle hjartet i landet. Han er eit stort turistmål for både lokale og internasjonale turistar og blir vitja av om lag sju millionar kvart år. Av kjende landemerke finn ein marknadsplassen med Mariakyrkja og Sukiennicehallen, Wawel slott, Nasjonalmuseumet, Zygmunt-bjella ved Wawelkatedralen og Florianporten frå mellomalderen. I 1978 blei det historiske senteret i byen ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Historie endre

Tidleg historie endre

Byen si historie byrja før stiftinga av staten Polen som hovudstad for vistuliske stammar. Legenda seier at byen blei grunnlagt av den mytiske herskaren Krak, derav byen sitt namn. Arkeologiske funn av mynt viser at området samhandla med Romerriket.

Sannsynlegvis er dei eldste busetjingane i området frå forhistorisk tid, men det var ikkje før i det 8. hundreåret at busetjingane fekk form av ein by.

Omkring år 1000 var han alt ein viktig handelsplass, og blei erobra av Bolesław den tapre; dermed kom han under piastane sitt herredøme.

Kraków sin periode som hovudstad i Polen endre

 
Gamlebyen i Kraków sedd frå Wawel.

I 1038 blei Kraków hovudstad i Polen. Han fekk byprivilegium (Magdeburg-privilegium) i 1257 og blei vidare utbygd; utbygginga frå denne gangen kan ein framleis sjå i gamlebyen.

I 1364, under regjeringstida til kong Kazimierz, blei byen sitt universitet grunnlagt. Det er blant Europa sine eldste, i Sentraleuropa er berre universitetet i Praha eldre. (Europa sitt eldste universitet ligg i Bologna i Italia.)

Mellom 1386 og 1572 herska jagiellonane over byen, som mellom anna hadde nære familieband til Habsburgdynastiet. Særleg under Sigismund I og Sigismund II blei byen eit maktsentrum i Polen. Frå denne tida stammar ei stor mengd renessansebygg og -kunstverk. På 1500-talet studerte Nikolaus Copernicus her, og Hans Dürer, yngre bror av Albrecht Dürer, var hoffmålar hjå kong Sigismund den eldre. I midten av hundreåret blei den tyskspråklege byregjeringa også gradvis erstatta av ei polskspråkleg. Den siste jagiellonarkongen døydde i 1572, og i 1596 flytta den svenske Vasa-kongen Sigismund III den polske residensen til Warszawa, fordi byen låg nærmare Sverige. Dessutan var Warszawa nærmare det geografiske sentret i Polen-Litauen.

Nedgangstider for Kraków endre

Byen mista mykje av makta si etter at han mista statusen som hovudstad. Kraków var likevel framleis byen der kongane i Polen blei krona og gravlagde.

Svenske tropper si omlægring og påfølgjande rasering av byen 1655–1657, pluss eit pestutbrot, bidrog til å redusere folketalet.

Etter delingane av Polen på slutten av 1700-talet blei byen i perioden 1815–1846 ein fristad. Seinare kom han under Habsburgane, og blei så annektert av Austerrike og innlemma i den austerriksk-ungarske provinsen Galizia. Under det relativt liberale austerrikske styret blei byen på ny sentret for polsk kultur og kunst og eit nasjonalsymbol for polakkane. Under fyrste verdskrigen kjempa troppar frå då austerrikske Krakau på Sentralmaktene si side. Etter krigen blei byen del av den nye staten Polen.

Kraków under den andre verdskrigen endre

 
Jødar som blir deporterte frå Kraków i 1943.

Då Polen blei okkupert av tyske troppar under andre verdskrigen, blei byen gjort til hovudstad i det såkalla Generalgouvernement für die besetzten polnischen Gebiete, som var dei delane av Polen som ikkje blei innlemma i Det tyske riket. Nazisten Hans Frank fekk vervet som generalguvernør, og flytta inn på Wawel.

Under Frank sitt styre blei store delar av dei intellektuelle i byen arresterte og sende i konsentrasjonsleir. Dessutan blei den store jødiske folkesetnaden i byen send til Auschwitz rett vest for Kraków, der flesteparten døydde. Jødestrøket, Kazimierz, blei gjort fullstendig folketomt under krigen.

Under kommunistisk styre endre

Under det kommunistiske styret blei det bygd mykje nytt, mellom anna ein svær drabantby (Nowa Huta) og eit kjempestålverk i like ved den gamle byen. Grunnane var ideologiske; ein ynskte å setje eit «sosialistisk» preg på byen og undertrykkje borgarlege og aristokratiske straumdrag hos innbyggjarane.

Dette forsøket på å øydeleggje byen sin status som senter for konservativ katolisisme mislukkast. I 1978 blei erkebiskop i byen, Karol Wojtyła, vald til pave under namnet Johannes Paul II. Den polske paven blei enormt populær i Polen, og blei eit viktig symbol i motstanden mot kommunistregimet.

Etter kommunismen sitt fall endre

Miljøproblema skapt i kommunisttida har ført til at miljøspørsmål har vore den viktigaste politiske saka i byen sidan 1989. Kraków sin fyrste ordførar etter kommunisttida var frå det polske miljøpartiet.

Kraków har dei seinare åra blitt ein populær turistby, og ved hjelp av privat kapital har Stare Miasto (gamlebyen) fått eit kosmopolitisk preg.

Det jødiske livet i Kraków byrjar også å ta seg opp. Rike amerikanske jødar med polske aner har gjort det mogeleg for det jødiske samfunnet å kjøpe tilbake mellom anna gamle synagogar for å setje desse i drift igjen. Det gamle jødestrøket Kazimierz har blitt raskt renovert, og er i ferd med å bli Kraków sin "hippaste" bydel.[treng kjelde]

Kjelder endre

  1. The Municipality Of Kraków Press Office, 1996–2007, in participation with ACK Cyfronet of the AGH University of Science and Technology, «"Our City. History of Krakow, archaeological findings"». Henta 11. september 2007. 
  2. http://whc.unesco.org/en/list/29 Krakow på UNESCO.org
  3. Polsk statistisk sentralbyrå Warszawa 2007, «Innbyggjartal i Polen, frå 30. juni 2007» (PDF). Henta 13. desember 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kraków