Krigsfangar og falne under andre verdskrig frå Gulen
Wikimedia-listeartikkel
Krigsfangar og falne under andre verdskrig i Gulen listar kjende falne, omkomne og krigsfangar frå Gulen kommune. Lista inneheld også personar som ikkje er drepne i strid, men som er falne som følgje av krigshandlingar.
Falne under strid
endre- Konrad Byrknes (fødd 1915, død 1940), fiskar frå Byrknesøy. Fall 20. april 1940 som mg-skytter under kampen i Gråbeinhølet i Sør-Aurdal. [1] [2] [3]
- Edvin Færøy (fødd 1917, død 1940), gardsarbeidar og fiskar frå Losnegård, då i Gulen kommune, no i Solund kommune. Fall 20. april 1940 under kampen i Gråbeinhølet i Sør-Aurdal. [1] [2] [3]
- Olav Leonard Birknes (fødd 1906, død 1943), sjømann og fiskar frå Byrknesøy. Omkom 22. april 1943 på veg tilbake til Shetland med motorskøyta «Gullborg». [1] [4]
- Artur Byrknes (fødd 1917, død 1942), fiskar og soldat frå Byrknesøy. Sakna då motorkutteren «Sandøy» forsvann i desember 1942, sannsynlegvis senka av tyske fly utanfor Træna. [1] [4] [5]
- Georg Norvald Byrknes (fødd 1921, død 1941), fiskar og marinegast frå Byrknesøy. Omkom 4. januar 1941 då minesveiparen «Bodø» blei sprengt av ei mine utanfor Aberdeen etter eit tokt på norskekysten. [1] [4] [6]
- Elias Olai Ellingsen (fødd 1879, død 1944), steinarbeidar frå Gulen kommune. Drepen 29. oktober 1944 under eit flyangrep på Nøstet i Bergen.[1]
Omkomne krigsseglarar
endre- Adolf Byrknes (fødd 1921, død 1941), sjømann frå Byrknesøy. Omkom 2. mars 1941 då D/S «Augvald» blei torpedert i Nord-Atlanteren.[1] [4]
- Endre Bernhard Einebærholm Byrknes (fødd 1918, død 1946), fyrbøtar frå Byrknesøy. Omkom 27. februar 1946 då D/S «Hodnaberg» blei sprengt av ei mine utanfor Hals i Danmark.[1] [4] [7]
- Gunnar Byrknes (fødd 1918, død 1940), motormann frå Byrknesøy. Omkom 1. august 1940 då M/S «Norne» blei torpedert utanfor Pentland Firth.[1] [4]
- Klaus Krossvoll (fødd 1918, død 1939), maskinist frå Gulen kommune. Omkom 3. desember 1939 då det svenske skipet D/S «Rudolf» blei sprengt av ei mine eller ein torpedo utanfor kysten av England.[1] [4]
- Hjørleiv Midttun (fødd 1907, død 1942), radiotelegrafist frå Eivindvik. Omkom då kvalkokeriet «Kosmos II» blei torpedert i konvoifart. [1] [4] [8]
- Harald August Sande (fødd 1909, død 1941), donkeymann frå Gulen kommune. Omkom 13. mars 1941 då D/S «Samlanes» gjekk på ei mine ved Lizzard Head i Cornwall.[1] [4]
- Adolf Leonard Sande (fødd 1913, død 1941), tømmermann frå Gulen kommune. Omkom 26. februar 1941 då han blei skylt overbord i ein storm på veg frå Bermuda til Europa.[1] [4]
- Ivar Takle (fødd 1900, død 1940), fyrbøtar frå Takle. Omkom 26. september 1940 då D/S «Diana» forsvann på veg frå Milford Haven til Plymouth.[1] [4]
- Jakob Amandus Villesvik (fødd 1918, død 1940), matros frå Gulen kommune. Omkom 2. desember 1940 då D/S «Samnanger» blei torpedert av ein tysk ubåt i Sør-Atlanteren på veg frå Hartepool til Sierra Leone.[1] [4]
Krigsfangenskap
endre- Nils Dale (fødd 1889), lærer frå Fjell. Arrestert 13. juli 1943, overført Ulven, overført Bergen 8. januar 1944, set fri 13. juli 1944.[9][10]
- Jakob Eikenes (fødd 1904), lensmann. Arrestert 18. april 1943, overført Bergen, overført Espeland, overført Grini 21. november 1943, overført Kiel 6. juli 1944, overført Sachsenhausen og sat der til freden.[9] [11]
- Georg Johan Fedøy Kråkenes (fødd 1914), fiskar . Arrestert 2. september 1943, overført Espeland, overført Grini 8. desember 1943, overført Sachsenhausen 9. desember 1943, overført Ravensbrück, overført Dora 15. februar 1945 og sat der til freden.[9]
- Johan Midttun (1891-1941), ingeniør frå Eivindvik, budde i Sandefjord. Arrestert 15. mars 1941, overført Møllergata 19, overført Grini 26. september 1941, overført Åkebergveien 10. november 1941, overført Akershus 22. november 1941, avretta 4. desember 1941.[9] [12]
- Thoralf Sande (fødd 1920). Arrestert 10. februar 1945, overført Espeland 19. februar 1945 og sat der til freden.[9]
- Ingolf Johan Wæhle (fødd 1897), sjømann. Arrestert og sat i krigsfangenskap i Afrika. Ingen ytterlegare opplysningar.[9]
Andre
endre- Elisabeth Sunde Ross (fødd 1862, død 1944), syerske frå Vedvik ved Eidsfjorden. Omkom 20. april 1944 då den nederlandske fiskebåten «Voorbode» med 120 tonn sprengstoff eksploderte på Festningskaien i Bergen. [13]
- Peder Reidar Sletten (fødd 1921, død 1942), fiskar og marinegast frå Gulen kommune. Omkom 18. november 1942 då korvetten «Montbretia» forliste i Atlanterhavet.[14] [4]
Referansar
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Falne og omkomne frå Gulen
- ↑ 2,0 2,1 Hauge, Andreas; Valdres 1940, Kampen i Gråbeinhølet, på Bagnsbergane gård og ved Brediablikk, Forsvarsmuseet 1986,
- ↑ 3,0 3,1 Krigsminner frå Gulen: Då krigen kom
- ↑ 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 Krigsminner frå Gulen: Englandsfarere, handelsflåten og marinen
- ↑ NRK Sogn og Fjordane: Artur Byrknes
- ↑ NRK Sogn og Fjordane: Georg Norvald Byrknes
- ↑ NRK Sogn og Fjordane: Endre Bernhard Einebærholm Byrknes
- ↑ NRK Sogn og Fjordane: Hjørleiv Midttun
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Folk frå Gulen i tysk fangenskap
- ↑ Haugartun: Lærarane på skulen [daud lenkje]
- ↑ Krigsminner frå Gulen: Illegalt arbeid
- ↑ NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Johan Midttun
- ↑ NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Elisabeth Sunde Ross[daud lenkje]
- ↑ NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Peder Reidar Sletten[daud lenkje]