Opna hovudmenyen

Kristian Davidsson Edland (12. april 187424. oktober 1958) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Mosterøy i Rogaland. Han var ordførar i Mosterøy 1925-31 og stortingsmann 1934-45 for Venstre.

Kristian Edland
Fødd 12. april 1874
Mosterøy
Død

24. oktober 1958

Yrke politikar, bonde

Edland var son til ein gardbrukar. Han var 1890/91 elev på amtsskulen i Ryfylke. Sidan arbeidde han på gard til han sjølv vart gardbrukar. Attåt var han aktiv ferdatalar for misjons- og fråhaldssaka. Han var såleis styremedlem i Ryfylke og Jærens Fellesforening av Indremisjonen, og dessutan formann i Stavanger og Ryfylke fylkesstyre av Det Norske Totalavholdsselskap.

Edland var medlem i heradsstyret for Mosterøy frå 1919 til 1931, varaordførar 1919-22 og ordførar 1925-31. Elles var han i si tid formann i skulestyret og 1929-34 i forliksrådet. Hausten 1933 stod han på andreplassen på Venstre si stortingsvalliste og lukkast få det siste Rogalands-mandatet. Tingbolken 1934-36 var han medlem i Kommunalkomiteen, etter attval sat han 1937-45 i Administrasjonskomiteen.

KjelderEndra