Opna hovudmenyen

Kristian Langlo (3. mai 189420. oktober 1976) var ein norsk skulemann og politikar frå StrandaSunnmøre. Han representerte partiet VenstreStortinget i periodane 1950-53 og 1961-65.

Kristian Langlo
Fødd 3. mai 1894
Død

20. oktober 1976

Yrke politikar

Langlo var son til brukaren av Pålgarden på Langlo. Sjølv gjekk han skulevegen, etter ha vorte student i 1915 studerte han filologi ved Universitetet i Oslo. Han gjekk også lærarskule. I 1918-19 arbeidde han som journalist. Frå 1919 til 1953 underviste han ved Ålesund offentlige høyere almenskole, fyrst som adjunkt og sidan som lektor. Periodane 1934-40 og 1945-46 var han i tillegg programsekretær ved Vigra kringkastar. Til sist skuledirektør i Møre og Romsdal i tida 1953-64.

Langlo var med i bystyret i Ålesund i periodane 1932-34 og 1945-55, ordførar 1948-49. Ved stortingsvalet 1949 vart han vald til stortingsrepresentant for kjøpstadene i Møre og Romsdal for valbolken 1950-53. Etter å ha vore ute av Stortinget i åtte år, vart han i 1961 atter vald til tingmann, då frå Møre og Romsdal fylke. Bolken 1950-53 var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen, medan han 1961-65 sat i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

KjelderEndra