Kristian Matre (25. januar 18774. mars 1943)[1] var ein forfattar frå Nordhordland. Sjølv om Matre i sitt vaksne liv budde i Skien, var han ein typisk heimstaddiktar som skreiv om livet på strilelandet.

Kristian Matre
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1877
i Masfjorden
Død

4. mars 1943 (66 år)
i Skien

Yrke Kjøpmann, forfattar
Periode 1926-1934
Debut Folkje i Botn

Liv og gjerning endre

Foreldra til Matre kom opphavleg frå Masfjorden kommune. Sjølv vart han fødd på garden Kleiven i Myking i Lindås kommune. Familien flytta i 1884 til Mjølkeråen i Åsane, i dag ein del av Bergen kommune. I tenåra gjekk han på Garnes folkehøgskule, der han skreiv dei fyrste forteljingane sine. Han arbeidde ei tid i spinnerietSalhus Tricotagefabrik, før han gjekk underoffiserskulen.

Han og kona busette seg i Gjerpen i Telemark kring 1901. Der hadde han ymse arbeid hjå fleire bokhandlarar og var forretningsførar i ei avis. Han hadde også eiga handelsverksemd ei tid, og folketeljinga 1910 viser at han dreiv ei kro. I tillegg var han politisk aktiv.

Matre nærma seg femti år då debutromanen Folkje i Botn kom ut i 1926. Tre år seinare kom I bast og band, ei ny bok om folket i Botn. Åra 1930-33 kom ein romantrilogi om ei bondeslekt frå garden Rabben, med titlane Denne jammerdal, Den harde striden og Millom eldar. I 1934 kom den siste romanen, Det nye bodet.

Handlingane i Matre sine fem fyrste bøker er lagt til Åsane. Bøkene om folket i Botn skildrar tida på slutten av 1850-talet. Romantrilogien om folket på Rabben tek til kring same tida, men flyttar seg snøgt til siste halvdel av 1860-talet, så 1870-talet og til sist 1880-åra. Matre er særleg oppteken av religiøse og moralske forhold i dei miljøa han skildrar. I sine folkelivsskildringar er han påverka av psykoanalysen.

Matre døydde i 1943.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Aftenposten 10. mars 1943, s. 5, dødslysing

Bakgrunnsstoff endre