Kristin Hille Valla
norsk politikar
Kristin Hille Valla (fødd 31. desember 1944) er ein norsk politikar for Senterpartiet.
Kristin Hille Valla | |||
Fødd | 31. desember 1944 (79 år) Årdal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990 var Kristin Hille Valla statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Jan P. Syse si regjering.
Ho var medlem av kommunestyret i Nes i Buskerud frå 1983 til 1987. Frå 1987 til 1991 var ho medlem av fylkestinget i Buskerud. I 2001 blei ho utnemnd til fylkesmann i Oppland.
Frå 1987 til 1991 var ho andre nestleiar i Senterpartiet.
Utanfor politikken har ho hovudsakleg arbeidd som lærar i Dovre og Nesbyen. Frå 1991 til 1998 var ho fylkesskulesjef i Oppland, og frå 1998 til 2000 var ho direktør i KS.