For stasjonen på Bybanen, sjå Kronstad haldeplass.

Kronstad stasjon, frå 1913 til 1921 Krohnstad stasjon, er ein nedlagd stasjon på ei nedlagd strekning av VossabanenKronstad i Årstad i Bergen. Stasjonen vart opna 26. mai 1913 som Krohnstad stasjon. I april 1921 skifta han namn til Kronstad stasjon. Noregs statsbanar kjøpte i 1911 stasjonsbygningen, som tidligare hadde vore bustadhus, og brukte bygningen som kontor fram til bygningen var omgjort til stasjon.[1]

Kronstad stasjon


Stasjonsområde
Stad Kronstad i Årstad i Bergen
Distanse 489,63 km frå Oslo
Høgd 22 moh.
Opna 26. mai 1913
Nedlagd 1965
Linjer og rutedrift
Linje(r) Vossabanen (1913-1965)
Operatør(ar) NSB (1913-1965)
Overgang
Kart
Kronstad stasjon

Stasjonsbygningen på Kronstad vert no nytta som driftssentral for Bybanen. I tillegg til at stasjonsbygninga hyser driftssentralen, har stasjonen sporsamband med Kronstad depot for Bybanen, der bybanesporet er kopla på det ordinære jarnbanenettet til Jernbaneverket over det sidesporet frå Bergen stasjon som var ei strekning av Vossabanen (Bergensbanen) før Ulrikstunnelen var klar til bruk.

Tilknytinga på Kronstad mellom bybansporet (til høgre) og jarnbanesporet gjev høve til å flytte vedlikhaldsmaskiner frå jarnbane til Bybanen, då sporvidda er den same. Jarnbanesporet, som tidlegare var ei strekning av Vossabanen, er no eit sidespor mellom godsterminalen på Bergen stasjon og fram til Minde (der det tidlegare òg låg ein stasjon), og vert berre nytta for godsvogner.

Fotnotar endre

  1. «Kronstas stasjon». ROM Eiendom. Henta 31. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff endre