Krus (norrønt krús) er eit drikkekar med hank og eventuelt lok, eller ein stor kopp.[1] Det har som regel sylindrisk fasong og er ofte av keramikk.[2] Ein bruker ofte krus til varme drikkar som kaffi, te og kakao, men kan òg bruka dei til kalde drikkar som øl eller mjølk. Gjennom historia har ein som regel laga krus i tre, bein, leire eller metall, men i nyare tid har steintøy, porselen, forsterka glas og plast blitt meir vanleg.

Keramikkrus
Mug, Book, Smoking Materials and Crackers. Stilleben av John Peto frå 1880-åra.

Krus blir gjerne rekna som mindre formelle enn finare glas og koppar, og blir som regel ikkje brukt til formell oppdekking. I staden kan ein bera dei med seg, til dømes medan ein gjer arbeid eller tek ein kvil.

Storleiken på krus kan variera frå noko over 0,2 liter for barnekrus[3][4] til 2 liter for premiekrus.[5] Rundt 0,5 liter, eller ein halvliter, er utbreidd som volum for ølkrus.[6][7]

Utforminga av krus gjev dei som regel god varmeisolering. Dei har tjukke, isolerande veggar som hindrar drikken i å kjølast ned eller varmast opp raskt. Botnen av kruset er sjeldan flatt, men er som oftast anten konkav eller forsynt med ein ekstra kant som reduserer den termiske kontakten med overflaten kruset står på. Handtaket eller hanken held handa og fingrane borte frå dei varme sidene til kruset. Krus er ofte òg tilverka av materiale med låge varmeleiande eigenskapar, som leirgods, beinporselen og glas.[8][9]

Krus kan dekorerast med trykk av ulike bilde, logoar og utsegner, og ein del kan ha humoristisk utforming. Varmefølsam måling kan gjera at krus endrar utsjånad når dei er varme.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «krus» i Nynorskordboka.
  2. «Krus». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 9. august 2018. 
  3. «Barnekrus», digitaltmuseum.no, henta 28. august 2019 
  4. «Kopp», digitaltmuseum.no, henta 28. august 2019 
  5. «Krus», digitaltmuseum.no, henta 28. august 2019 
  6. «Krus», digitaltmuseum.no, henta 28. august 2019 
  7. «Krus med lokk», digitaltmuseum.no, henta 28. august 2019 
  8. Steve Farrow: The really useful science book: a framework of knowledge for primary teachers, Routledge, 1999, s. 98. ISBN 0750709839. 
  9. David M. Buss: The handbook of evolutionary psychology, John Wiley and Sons, 2005, s. 27. ISBN 0471264032.