Kurfyrstedømet Mainz
Erkebispedøme Mainz (tysk Erzbistum Mainz) eller Kurfyrstedømet Mainz (tysk Kurfürstentum Mainz eller Kurmainz) var eit viktig kyrkjeleg og sidan verdsleg kurfyrstedøme i Det tysk-romerske riket mellom 780–782 og 1802. I hierarkiet til den romersk-katolske kyrkja var erkebiskopen av Mainz primas Germaniae, representanten til paven nord for Alpane. Utanom Roma er Stolen i Mainz den einaste andre stolen som vert omtalt som «Den heilage stolen», sjølv om dette namnet er sjeldan nytta om Mainz.
Kurfürstentum Mainz Kurfyrstedømet Mainz | |||||||||||||||||
Statar i Det tysk-romerske riket | |||||||||||||||||
| |||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||||
Hovudstad | Mainz | ||||||||||||||||
Styreform | Fyrstedøme | ||||||||||||||||
Historisk periode | Mellomalderen | ||||||||||||||||
- Bispedømet oppretta | Romartida | ||||||||||||||||
- Utvida område, opphøgd til erkebispedøme |
780–782 | ||||||||||||||||
- Utvida område | 983 | ||||||||||||||||
- Erkekanslar | 1251 | ||||||||||||||||
- Mainz gjort til fristad | 1242–1462 | ||||||||||||||||
- Republikken Mainz | 18. mars – 23. juli 1793 | ||||||||||||||||
- Campo Formio-traktaten | 17. oktober 1797 | ||||||||||||||||
- Tysk mediatisering | 1803 | ||||||||||||||||
|
Erkebispedømet var eit viktig kyrkjeleg fyrstedøme i Det tysk-romerske riket. Det bestod av fleire ikkje-samanhengande landområde med område nær Mainz på begge sider av Rhinen, område langs elva Main oppfor Frankfurt (med distriktet Aschaffenburg); Eichsfeld-regionen i Niedersachsen og Thüringen; og områda kring Erfurt i Thüringen. Erkebiskopen var òg tradisjonelt kurfyrste og erkekanslar i Tyskland, og leiar av valkollegiet frå 1251 til 1803.
Historie
endreBispestolen vart oppretta i romartida, i byen Mainz, som hadde vore ein romersk provinshovudstad kalla Moguntiacum. Bispedømet vart først viktig då det fekk status som erkebispedøme i 780-782. Dei første biskopane før 300-talet har legendariske namn, og starta med Crescens. Den første stadfesta biskopen av Mainz var Martinus i 343. Mainz vart først viktig då St. Boniface vart biskop i 747. Boniface var tidlegare ein erkebiskop, men denne tittelen gjekk ikkje til bispestolen før etterkomarane hans, Lullus.[1]
I 1802 mista Mainz status som erkebispedøme. I sekulariseringa som følgde Reichsdeputationshauptschluss i 1803, vart setet til kurfyrsten Karl Theodor von Dalberg flytta til Regensburg, og kurfyrstedømet mista områda sine i vest til Frankrike, medan dei austlege områda langs Main nedanfor Frankfurt gjekk til Hessen-Darmstadt og Nassau, og Eichsfeld og Erfurt gjekk til Kongedømet Preussen. Dalberg fekk halde Aschaffenburg-området som Fyrstedømet Aschaffenburg. I 1810 slo Dalberg Aschaffenburg, Frankfurt, Wetzlar, Hanau og Fulda saman og danna det nye Storhertugdømet Frankfurt. Dalberg gjekk av i 1813 og i 1815 delte Wienerkongressen områda hans mellom Kongedømet Bayern, Kurfyrstedømet Hessen-Kassel, Storhertugdømet Hessen og fristaden Frankfurt.
Det moderne bispedømet Mainz vart grunnlagd i 1802, innanfor områda til Frankrike og i 1814 vart området utvida inn i Hessen-Darmstadt.
Biskopar og erkebiskopar
endre
Biskopar av Moguntiacum, 80–745endre
|
Erkebiskopar av Mainz, 745–1251endre
|
Kurfyrstar av Mainz, 1251–1803endre
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Archbishopric of Mainz» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sante, Georg Wilhelm (1937). «Bonifatius und die Begründung des Mainzer Bistums». Historisches Jahrbuch 57: 157–97.
- ↑ "Theomastus (or Thaumastus) was bishop of Mainz in the early fifth century."(Gregory of Tours, Glory of the Confessors: Glory of the Confessors. Translated by Raymond Van Dam (Liverpool University Press, 1988), 40n). This figure is mentioned by Gregory of Tours: “Theomastus was noted for his holiness in accordance with the meaning of his name, and he is said to have been bishop of Mainz. For some unknown reason, he was expelled from Mainz and went to Poitiers. There he ended his present life by remaining in a pure confession.”(Gregory of Tours, Glory of the Confessors: Glory of the Confessors. Translated by Raymond Van Dam (Liverpool University Press, 1988), 39).