Kusymre

art i nøkleblomslekta
(Omdirigert frå Kusymra)

Kusymre (Primula vulgaris) er ein plante i nøkleblomfamilien. Slektsnamnet Primula tyder «den fyrste om våren», og viser til at dette er ein vårblomstrande plante. Han har einskildståande gulkvite blomar.

Kusymre
Kusymre
Kusymre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Nøkleblomfamilien Primulaceae
Slekt: Primula
Art: Kusymre P. vulgaris
Vitskapleg namn
Primula vulgaris

Planten er vanleg i kyststrøk frå Aust-Agder til Sør-Trøndelag. Han veks i fuktig skyggefull skog og gressbakkar, og trivst òg i maritimt miljø nær sjøen.

Medisin

endre

Kusymre er ikkje giftig, både blomar og blad kan etast, og skal ha ein blodreinsande effekt. Planten har vore nytta som medisinsk urteplante som slimløysande, krampeløysande, svakt smertestillande og roande middel.

Kultur

endre

Kusymre er kommuneblome for Bokn kommune[1] og var fylkesblome for Hordaland fylke.[2]

Lokalt på Vestlandet blir plantn kalla «kublom». Han har og andre lokale namn som «kusømra», «gulveis» og «liblom». Namnet kusymre kan kome av at han blomar på den tida då kyrne kunne sleppast på beite.

Kjelder

endre
  1. Havikbotn, Jardar, «Kommuneblom - Bokn kommune», www.bokn.kommune.no, henta 16. august 2023 
  2. «Kusymra - Hordaland sin fylkesblomst», www.vestafjells.no, henta 16. august 2023 

Bakgrunnsstoff

endre