Kvamsøy kyrkje

kyrkje i Balestrand kommune

Kvamsøy kyrkje er ei steinkyrkje frå kring 1280–1300 på den vesle Kvamsøya i Sogndal kommune i Vestland.

Kvamsøy kyrkje
Kvamsøy kirke
Foto: 3s
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Balestrand
Fellesråd Balestrand
Stad Kvamsøya i Sogndal kommune
Type Langkyrkje
Tårn Bygd i 1715-1716
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 210
Kart
Kvamsøy kyrkje
61°07′44″N 6°29′05″E / 61.12875°N 6.4846°E / 61.12875; 6.4846
Wikimedia Commons: Kvamsøy kirke
Kvamsøy kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Kvamsøy kyrkje
Alteret og altertavla
Foto: 3s

Fyrste gongen kyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1349, og ein veit ikkje sikkert når ho vart bygd. Dateringa til 1280–1300 byggjer på stilmessige vurderingar. I fylgje ei segn vart kyrkja reist etter ei gåve frå engelske sjøfarande som skal ha søkt livd innom øya i eit uvêr. Kyrkja var soknekyrkje i Kvamsøy sokn til Sæle kyrkje stod ferdig i 1903. No er det berre to faste gudstenester i kyrkja i året, eine i mai og hi til olsok. I tillegg kjem gravferder og eventuelt vigsler, dåp og konfirmasjonar. Kyrkja er stengd frå oktober til mai fordi ho ikkje har elektrisk oppvarming.

Kyrkja ligg i Balestrand sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Balestrand prestegjeld.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre