Balestrand kommune
61°14′N 6°26′E / 61.233°N 6.433°E
Balestrand kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Balestrand | ||
Areal | 430 km² | ||
• land | 412 km² | ||
• vatn | 18 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Harald N. Offerdal (Ap) | ||
Kommunenr. | 1418 | ||
Balestrand kommune 61°10′39″N 6°24′14″E / 61.1775°N 6.403889°E | |||
Kart som viser Balestrand kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Balestrand (former municipality) | |||
Nettstad: www.balestrand.kommune.no |
Balestrand er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, nord for den midtre delen av Sognefjorden. Kommunen grensa i nord til Førde, i aust til Sogndal og Leikanger, i sør til Vik (sør for Sognefjorden), og i vest til Høyanger og Gaular. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Leikanger og Sogndal til nye Sogndal kommune.
Balestrand er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti.
Kommunesoge
endreBalestrand kommune vart oppretta i 1850 ved at området vart skild ut frå Leikanger kommune. Ved opprettinga budde det 2122 personar i Balestrand kommune.[1] I 1964 var det større endringar i utstrekkinga til Balestrand og dei omliggjande kommunane. Vangsnes sokn, med 189 innbyggjarar, på sørsida av Sognefjorden vart overført frå Balestrand til Vik kommune. Området Hella til Eitorn, med 31 innbyggjarar, på austsida av Fjærlandsfjorden vart overført frå Balestrand til Leikanger kommune. Kvamsøy sokn, med 363 innbyggjarar, vart overført frå Vik kommune til Balestrand.[2] I 2000 vart Fjærland sokn overført frå Balestrand til Sogndal kommune.[3]
Balestrand prestegjeld og sokn
endreBalestrand prestegjeld vart oppretta samstundes med Balestrand kommune og fekk same utstrekkinga. Frå opprettinga og fram til og med 1963 hadde prestegjeldet sokna Tjugum, Vangsnes og Fjærland (fram til 1861 kalla Mundal sokn). Frå og med 1964 høyrde Vagnsnes til Vik prestegjeld medan Kvamsøy sokn høyrde til Balestrand.[4] Fjærland sokn vart i 2000 overført til Sogndal prestegjeld[5] og dei to gjenverande sokna i prestegjeldet vart slege saman til eitt Balestrand sokn. Frå 2000 har det vore tre kyrkjer i soknet, Kvamsøy kyrkje, Sæle kyrkje og Tjugum kyrkje. Fjærland kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1999, og Vangsnes kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1963. Frå 2004 vart prestetenesta i Balestrand leia av prosten i Ytre Sogn prosti og Balestrand prestegjeld er nedlagt. Då Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013 vart Balestrand ført over til Sogn prosti.[6]
Kjelder
endre- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 54
- ↑ «Kommunehistoria i Balestrand» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Fjærland kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK
Bakgrunnsstoff
endre- Balestrand kommune Arkivert 2012-12-19 ved Wayback Machine.Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.