Opna hovudmenyen

Kvanhovden fyrstasjon er eit fyr som ligg nordvest på Hovden, 15 km nordvest for Florø i Sogn og Fjordane.

Kvanhovden fyrstasjon
FylkeSogn og Fjordane
KommuneFlora
FunksjonLeifyr
Oppretta1895
Koordinatar61°41.8285′N 4°49.8820′EKoordinatar: 61°41.8285′N 4°49.8820′E
Fyrtårn
Høgd10,0
FormKvitt trehus med lyktehus i karnapp i vest
ByggjematerialeTre
Fyrlys
LyskarakterOkkulterande kvart 6. sekund
Lyshøgd40,3 moh
Lysvidde17,7 nm
Status
Automatisert1980
Avfolka1980
Kvanhovden fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Kvanhovden fyrstasjon

Fyret vart oppretta i 1895 og fyrlykta tent 5. november 1895. Fyret hadde i vanleg veikelampe og først i 1932 vart denne oppgradert til ei langt kraftigare glødepære. Fyret står på ein karakteristisk knaus på Hovden og lyshøgda er 40 meter over havet. 6. januar 1918 gjekk «Olga» på grunn i nærleiken av fyret.

Etter den andre verdskrigen vart det tilsett ein fyrassistent og bygd eigen assistentbustad. I 1960 fekk fyret to elektriske generatorar. Frå 1968 vart fyrstasjonen ein tørnstasjon. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1980.

Fyret er eigd av Kystverket, men stiftinga Over Stokk og Stein tek seg av vedlikehaldet og driv utleige av fyret med høve for overnatting.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

Litteratur:

  • Seim, Einar: Fyrar og farljos. Udatert, ikkje prenta.
  • Bremanger Sogelag: Gamalt frå Bremanger. Førde 1981.