Kvikkleire er leire der salta som stabiliserte strukturen er vaska vekk, noko som gjer at leira kan verta flytande om ho vert utsett for trykk eller påkjenning. Vert ho flytande, kan ho rasa ut, og noko som ofte fører til store materielle skader og endåtil tap av menneskeliv. Det er under marin grense der er fåre for kvikkleiredaning, og i Noreg er det særleg Austlandet og Trøndelag som er utsett.[1]

Utanfor Noreg er kvikkleire hovudsakleg å finna i Sverige, Finnland, Nord-Russland, Canada og Alaska. Dette er alle unge leirer frå siste istida.[2]

Daning av kvikkleire endre

Dei norske leirene vart sett av i havet under den siste istida, og er dei finaste korna breane eroderte. I havet batt dei negative leirkorna seg saman med positive kation til romslege krystallar.

Landhevinga etter istida har heva leirene over havet. Der det har vore gode vilkår for ionefattig regn- eller overflatevatn å koma både til og drenera vekk att, kan dette vatnet vaska ut dei positive iona som limer saman dei negative leirkorna. Utvaskinga fører til at dei bindande kreftene svekkjast, medan dei fråstøytande kreftene held seg, og kreftene svekkjast meir om det er mjukt vatn enn om det er hardt vatn som vaskar.[2] Leirstrukturen vert monaleg svakare fyrst når over 2/3 av havsaltet er vaska ut.[3]

Sjølv om vilkåra ligg til rette for kvikkleiredaning, treng ikkje leira i området å ha kvikna.[2]

Kvikkleireskred endre

Skred kan skje der det er både kvikkleire og meir enn 3 ^ helling i landskapet. Skred oppstår ved at leira vert forstyrra, er det av erosjon, utgravingar, utfyllingar eller anna. Fyrst flyt ho på eit lite område, men raset kan lett forplanta seg vidare. Skreda kan flyta fleire kilometer nedover, og bera med seg store lausmassar.[4] Det som ligg rett over skredet vil rasa ut med det, men det kan òg skada lenger nede, til dømes ved å demma opp vassdrag.

Etter at leira har rast ut, vil ho leggja seg i lag heller enn å forma nye krystall-strukturar. Dette gjer at ei leire som har rase ut, ikkje vil rasa på ny.

Større kvikkleireskred i Noreg endre

Kjelder endre

  1. http://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/114780/Norske_jordarter.pdf[daud lenkje] side 62
  2. 2,0 2,1 2,2 Karin Rankka med fleire (2004) Quick clay in Sweden, rapport 65 Statens Geotekniska Institut
  3. http://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/114780/Norske_jordarter.pdf[daud lenkje]
  4. NVE (2011) Flaum- og skredfare i arealplanar, retningslinjer

Bakgrunnsstoff endre